Lokal | 02. mai 2016

– Kva ville Nils Tveit ha sagt?

Mykje har skjedd i Os etter at Nils Tveit døydde i 1949. Men det skjedde også mykje i Os i tida han levde og mykje av det var Nils engasjert i.

– Kva ville Nils Tveit ha sagt?
Mari Lyssand snakka om Nils Tveit på Senioruniversitetet måndag (foto: Kari Marie Lyssand)
Kari M. Lyssandmandag 02. mai 2016 18:20

Bildeserie:

Mykje av historia hadde Lyssand fått frå Lars Skorpen, som skriv på bok om Tveit (foto: KML)
Mykje av historia hadde Lyssand fått frå Lars Skorpen, som skriv på bok om Tveit (foto: KML)
Omlag 180 tilhøyrar fekk historia om Nils Tveit (foto: KML)
Omlag 180 tilhøyrar fekk historia om Nils Tveit (foto: KML)
1 av 2
Mykje av historia hadde Lyssand fått frå Lars Skorpen, som skriv på bok om Tveit (foto: KML)
Omlag 180 tilhøyrar fekk historia om Nils Tveit (foto: KML)

Måndag var vårens siste senioruniversitet. Når den store Os-mannen Nils Tveit stod på programmet blei det ei av dei mest populære foredraga til no med rundt 180 frammøtte.

– Vi valde oss Nils Tveit då vi såg det var 140 år sidan han var fødd i år. Nils er ein viktig del av historia til Os og Mari Lyssand er ein god formidlar som vi er glade for ville koma å fortelja om livet hans, fortalde Olav Søfteland frå senioruniversitetet då han introduserte foredragshaldaren.

Hadde ein eigen «fasit»

Å leita fram informasjon til foredraget blei litt lettare enn det Mari først hadde sett for seg, og det takka ho spesielt ein person for.

– Eg har vore så heldig at då eg gjekk i gang så byrja Lars Skorpen å skriva om Nils Tveit, og når han var ferdig med eit kapittel så fekk eg det rykande ferskt levert på døra. Gjev eg noko feilinformasjon i dag så er det min feil, det eg seier som er rett har eg fått frå Lars, sa Mari.

Skorpen fekk spørsmål frå senioruniversitetet om å skriva eit hefte om Tveit som dei kunne dela ut til foredraget. Men Tveit gjorde så mykje i si levetid, og heftet er no blitt til ei bok som kjem ut til hausten om siste finansieringa går i orden.

Lærarane var viktige inspiratorar

Nils var son av Marie og Annanias Tveit og vaks opp på garden Tveit i Hegglandsdalen. Då han var 15 år var han ferdig med skulegongen, og Mari fortel at lærarane han hadde både på skulen i Hegglandsdalen og på Nordhordaland Fylkesskule nok var viktige inspiratorar for Nils og mange andre.

– Dei la nok grunnlaget for ein lese- og lærelyst som han tok med seg vidare. På gardane i Hegglandsdalen abonnerte dei på så mange tidsskrift at dei heldt ope eit eige postkontor.

Lada batteria med haka i skjerfet

Korleis Nils fekk tid til alt han var med på, alle verv og jobbar, det kan ikkje Mari fatta.

– Det skal ikkje vera mogleg alt han har fått gjort, og mykje av det gjorde han på same tid. Korleis fekk han det til? undra Mari på.

Korleis han fekk tid til alt var ein ting, medan korleis han lada batteria var noko Mari meinte ho hadde svaret på.

– Nils var forut for si tid. Eg leste nett at det hottaste no er å ta seg ein 5 minutts kvil for å lada opp, og Nils hadde ei evne til å sova på kommando når han trengte det.

Nils skal ha hatt ein særeigen måte å kvila på på Osbanen. Han festa skjerfet sitt i taket og putta haka inni og der sat han og kvilte. Etter middagen så flytta han berre tallerken og tok seg ein kvil ved bordet.

Nils fekk ting gjort

Ei av sakene Nils brente for var skyttarsaka. Han var medlem i skyttarlaget frå stiftelsesdagen, då var han 15 år. I 1897 blei det satt saman ei nemd som skulle finna ein passande plass å ha skytebane. i Os. Ingenting skjedde før Nils kom inn i banenemda i 1905. I 1906 var banen på Tøsdal klar til å takast i bruk.

– Når Nils meldte seg då ordna det seg. Han var styreleiar i 20 år og formann i 10.

Som far sin var han Venstremann og i 1901 blei han formann i Os Vinstrelag. I 1916 med i heradsstyret for fyrste gong og då gjekk han lik så godt rett inn i rolla som ordførar frå januar 1917. I den rolla var han òg med å løyste kraftsaka då Bergenhalvøen Kommunale Kraftselskap (BKK) blei oppretta tidleg på 1920-talet.

– Hadde krasja maskina

I frå 1932 klarer Mari verkeleg ikkje å få reknestykket Nils Tveit til å gå opp. Då var han trebarnsfar, bonde og rosemålar, ordførar, fylkesordførar og møtande vara i Stortinget på same tid.

– Då kom også første bind i Os-soga ut. I tillegg så tok han på seg vervet som formann i direksjonen til Osbanen.

Mari er imponert over all informasjonen Nils klarte å skaffa inn til Os-soga.

– Det er så enorme mengder, hadde det vore brukt EDB så hadde nok maskina krasja.

– Os-soga er eit storverk og blir brukt som både mal og mål for alle bygdesoge-skrivarar.

Os-songen blei til på møkkatur

Då første bind av Os-soga skulle publiserast tenkte Nils at det hadde vore flott med ein song til boka. Han blei inspirert til å dikta då han var ute og køyrde møkk.

– Kvar gong han kom inn i møkkakjellaren så noterte han eit nytt vers på veggen og slik blei Os-songen til.

Etter at Nils fylte 70 år byrja han å trappa ned og planen var å nyta freden og bøkene heima på Tveit.

– Men 73 år gamal døydde han brått under eit besøk hos dottera si i Oslo. Ekstra trist er det at han døydde berre 3 dagar før hans første og einaste borneborn, Anna, blei fødd.

– Nils ville ha utvikling

Under førebuinga har Mari fleire gongar tatt seg i å tenka "kva ville Nils Tveit ha sagt?" om utviklinga som har skjedd i bygda hans sidan han døydde. Om for eksempel salet av aksjane i BKK og alle skjæringane i bygda etter husbygging.

– Mykje forandra seg i Os også i hans levetid, osingane fekk gradvis innlagt straum til husa sine, Osbanen blei lagd ned og vi fekk det første billøyvet i bygda. Eg har landa på at han ikkje var ein nostalgikar, han tenkte framover og ville ha utvikling, oppsummerte Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.