Lokal | 23. aug. 2011

Kvalitet i omsorgen

LESARINNLEGG, Ida Hagevik Heggeland (Høgre): Større fleksibilitet, auka fagkompetanse.

Kvalitet i omsorgen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. aug. 2011 12:39

I programmet til Høgre har vi helse og omsorg som eitt av våre overordna mål.

Vi meiner at Os kommune ska levera gode omsorgstenester til alle dei som treng det, uansett alder og livsituasjon. Vi vil satsa på gode individuelle løysingar og valfridom innan helse og omsorgsektoren, og vi ynskjer fleksible og tilrettelagte arbeidsordningar der brukaren står i fokus.

I Noreg har eldre på sjukeheim i gjennomsnitt 6-7 aktive sjukdomsdiagnosar. Dei treng dirfor kvalifisert helsehjelp. Det er ofte eit problem når det gjeld feilmedisinering på norske sjukeheimar. Det gis også for mange dispensasjonar for medisinhandtering på grunn av mangel på sjukepleiarar.

Om lag 30 prosent av dei som jobbar i helsesektoren er ufaglærte.

Vi ynskjer at alle ufaglærte som blir værande i pleie- og omsorgsektoren skal få eit fagbrev eller utdanning innan dette feltet. Høgre er kritisk til vidareføring av ein politikk der ufaglærte blir pålagt oppgåver dei ikkje er kvalifisert for å utføra.

Høgre vil også gjera sektoren meir interessant og attraktiv å arbeida i, ved å gjera det lettare for sjukepleiarar å spesialisera og etterutdanna seg. Dette vil bidra til ein meir effektiv kvardag og betra kvaliteten på dei tilsette. Høgre vil også gjera det like attraktivt for legar å jobba på sjukeheimar som i sjukehus.

Høgre i Os skal leggja til rette for eit aukande tal av seniorar.

Mange eldre står i kø for å få plass ved sjukeheimar. I Os skal vi staks gå i gang med arbeidet kring ein omsorgsplan som skal vera styringverktøy for korleis vi skal ta i mot eit aukane tal seniorar. Her skal det nøye planleggjast framtidig utbyggjing av sjukeheimsplassar og andre omsorgstenester.

Noreg har 2500 eldre som bur på dobbeltrom i sjukeheimar. Mange av desse bur saman med andre ufrivillig. Nokon bur til og med to personar på eit einmannsrom.

Sjukeheimsbebuarane betalar ein stor del av bukostnaden sjølv. Høgre meinar det er urimeleg at eldre som bur på dobbeltrom skal betala det same som dei som bur aleine. Kommunar vinn på at eldre delar rom, mindre sjukeheimsrom – dobbel sum inn.

Dette vil Høgre snu på. Vi vil innføra halv pris for eldre som må bu på dobbelrom.

Dette er rettferdig ovanfor bebuaren og vil motivera kommunar til å tilby einerom til dei som har eit ønskje om det. Dersom bebuarar ønskjer å bu på dobbeltrom, skal dei sjølvsagt få mogelegheit til det, men dei skal då berre betala halve prisen av det ein på enkeltrom må betala.

Høgre vil gje eldre og pleietrengande større valfridom. Fritt brukarval sikrar den enkelte meir verdigheit og kontroll over eige liv, sjølv om ein treng hjelp til noko.

Når vi blir avhengig av helse- og omsorgstenestar er vi i ein sårbar situasjon.

Mange gruar seg for at fremmande ska hjelpa dei med personleg pleie. Nokon trivst ikkje på sjukeheimen dei bur på, men dei kan ikkje flytta. Ei undersøking gjort av Sintef frå 2010 viser at 25% var misfornøgd med valfridommen i eldreomsorga i Noreg.

Vi kjempar for dei eldres rett til å bestemma over eigen kvardag, for dei eldres rett til å velja mellom ulike formar for omsorgstilbod. Dei som treng omsorg skal sleppa å ta til takke med offentleg omsorgsmonopol. Valfridom skapar verdigheit.

Valfridom gir oss innflytelse over eigen kvardag. Vi bestemmer kven vi vil ska komma heim i vårt eiga hus og pleia oss, vi bestemmer sjølv kva for ein sjukeheim vår gamle mor eller bestemor skal bu på. Når vi gir brukarane meir valfridom, overførar vi makt frå systemet til borgarane. Valfridom gjør oss sjef i eige liv og herre i eige hus. Vi gir ikkje berre klagerett til brukarane, men også byterett.

Vi i Os Høgre skal aldri gløyma våre løfter om kvalitet i omsorga. Os er ein kommune med mykje god kvalitet i omsorga allereie, men det er viktig at vi fortset rette vegen. Det er viktig å ivareta dei verdiane som er skapt i helsevesenet i kommunen vår, og å byggja vidare på desse.

Sjølv om det er betre her enn mange andre plassar i Noreg, kan det heile vegen bli betre. Vi vil ikkje stoppa å forbetra oss.

NO er det val, det er NO kvar einaste osing frå fyrsteveljar til årgangsveljar har mogelegheit til å påverka våre kjære foreldre, besteforeldre og oldeforeldre sine pleietrengande stunder. Vi vil vel alle at våre kjære skal ha det best mogeleg og at den vanskeligaste og mest skremmande tida i deira liv skal bli slik dei sjølv vil og at dei skal hamna i dei beste hender.

Det er no folkens, det gjeld. Ver med å bidra til ei omsorgsteneste fylt av omsorg, fridom og ansvar. Bruk stemmeretten og stem Høgre!

Ida Hagevik Heggeland.
24. kandidat
Os Høgre














Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.