Lokal | 15. mai 2017

Kvar kan vi bygga - kvar bør vi ikkje?

Funksjonell strandsone: Administrasjon og plan-politikarar på felles båttur i skjergarden i Os.

Kvar kan vi bygga - kvar bør vi ikkje?
Administrasjon og politikarar var torsdag på tur i skjergarden i samband med arealplanen. (Illustrasjonsbilde frå Sørstrøno, foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 15. mai 2017 08:45

Torsdag var det møte i plan- og bygningsutvalet i Os. På planen sto flytande synfaring saman med tilsette i «Stab, plan og utvikling» på rådhuset - dei som jobbar med plan, byggesak, kart og oppmåling.

– Vi var 22 i båten, rundt 10 politikarar og resten frå administrasjonen, fortel leiar i plan- og bygningsutvalet, Gustav Bahus (Frp).

Turen gjekk først til Hatvik og heldt fram via Ferstadneset til Ramsholmen, Hauglandssjøen, Øyane, rundt Strøno og til Lysefjorden.

Lokal tilpassing

I plan og bygningslova ligg det eit generelt vern av strandsona 100 meter inn på land, men denne grensa kan mange plassar vera for kort eller for langt frå sjø.

Fleire kystkommunar jobbar no med lokal tilpassing, med å kartlegga kva som er funksjonell strandsone.

Administrasjonen i Os har, ved hjelp av eksterne konsulentar, fått skissa inn det dei meiner er den funksjonelle strandsona i Os.

– Denne rapporten blir eit kunnskapsgrunnlag når vi skal ha arealplanen til behandling i både plan- og bygningsutvalet og kommunestyret, seier Bahus.

– Viktig å sjå med eigne auge

Bahus er glad for at så mange frå både lokalpolitikken og administrasjonen var med på båtturen, spesielt at også rådmannen blei med.

– Fleire i plan- og bygningsutvalet har lang fartstid med byggesaker, og kjenner Os godt. I administrasjonen har vi fleire nye ansikt. Eg trur det var både hyggeleg og nyttig for desse å sjå skjergarden med eigne auge.

– Kva inntrykk fekk du av utkastet til funksjonell strandsone, har dei vore varsame eller rause, sett frå grunneigarar sin ståstad?

– Enkelte plassar har dei vore meir varsame enn eg hadde venta. Det var område typisk eigna for naustbygging som var verna og det var strandsone som var trekt fleire hundre meter innover land.

Fleire innbyggarar å ta omsyn til

Bahus fortel at det har vore ei rekkje innspel til arealplanen frå innbyggarar som ønskjer seg ein kai, ei brygge eller eit naust.

– Det er mange omsyn å ta. Friluftsfolk skal sjølvsagt ha god tilgang til svaberg og fjører, samtidig må vi hugsa at det er mange som får stor glede av naust og brygge, der både eigarane, familie og venar i generasjonar kan kosa seg ved sjøen. Nausta blir som oftast bygde på få meter breidde, og på stadar som er lite eigna for tur, strandhogg og bading.

– Det var ein god tur med fin orientering av administrasjonen. No ser eg fram til at vi lokalpolitikarar saman skal finna dei grensene som er mest fornuftige, ut frå korleis vi kjenner skjergarden vår.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.