Sport | 25. okt. 2014

Kven blir toppskårar?

Os og Lysekloster avsluttar i helga serien med både A-laget og andrelaget – på heimebane. A-kampen på Kuventræ blir Stian Lunde sin siste.

Kven blir toppskårar?
Lysekloster, frå topp<span style="line-height: 1.538em;">; Preben Borgen, Joakim Hjelmeland og Johannes Jordal. Os frå topp; Christer Olsen, Erik Kanestrøm og Stian Lunde. (Alle foto: Kjetil Vasby Bruarøy)</span>
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 25. okt. 2014 07:02

Os tar imot Smørås og Lysekloster kan hindra Sotra opprykk når 3. divisjon avdeling 7 i dag blir avslutta med avspark klokka 15.

Ingen av laga frå Os kjempar om opprykk, likevel er det ein del som står på spel.

15 mål kvar

Os slo Smørås 4-0 på bortebane, men Smørås, som ikkje kan hindra nedrykk i morgon, har hatt fleire gode resultat i haust, blant anna då dei slo Lyngbø, som har slått både Os og Odda i år.

Men for Os sin del handlar det ikkje berre om ønske om siger, om å få ei god avslutting på sesongen, det handlar om å bli toppskårar.

– Eg og Christer ligg likt, så det blir nok ein del ego-spel i morgon, åtvarar Erik Kanestrøm.

Han og Christer Olsen har skåra 15 mål kvar, til saman meir enn Smørås har skåra på sesongens 25 kampar.

Stians siste

Kampen på Kuventræ i morgon blir også Stian Lunde sin siste i 3. divisjon.

Kaptein Lunde har til no i år putta 9 for laget han også i fjor i utgangspunktet la opp frå.

– Det blir nok ikkje berre ego-spel, vi ønskjer jo alle mann at Stian skal få ei finast mogleg avslutning på Os-karrieren sin, seier Kanestrøm.

Kan øydelegga for Sotra

Mens Os ligg på 5. plass med sjanse til å klatra til 4. plass blir Lysekloster pusta i 3. plass-nakken av Bjarg, som ligg eitt poeng bak.

– Vi ønskjer uansett å avslutta sesongen med ein god kamp og med full pott. Etter ein litt tung haust vil vi visa tilskodarane kva vi er gode for, seier tidlegare kaptein på Lysekloster, Johannes Jordal.

– Dessverre har vi ikkje håp om opprykk, men Sotra på 2. plass skal heller ikkje få noko gratis. Vi har tidlegare Sotra-spelarar på laget og dei er spesielt gira på å slå gamleklubben.

Bortekampen enda 0-0. Sotra rykker opp på målforskjell om dei klarer uavgjort og serieleiar Odda taper borte for Fyllingsdalen 2.

Også på Lysekloster er det toppskårarduell.

– Det er ingen av oss som har skåra mykje, men Preben Borgen med 8 og Joakim Hjelmeland med 6 mål vil nok kniva litt i morgon, trur Jordal.

SJÅ TABELL

Andrelaga speler også heime

Os 2 og Lysekloster 2 ligg på 5. og 7. plass på tabellen og speler sesongavslutning på heimebane søndag frå klokka 16.

Os 2 tar imot Stord 2, Lysekloster 2 tar imot Trott.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.