Lokal | 02. des. 2017

Kven bør få miljøprisen?

Hordaland fylkeskommune deler årleg ut ein miljøpris på 50.000 kroner. Har du ein kandidat?

Kven bør få miljøprisen?
Mykje plastsøppel blei samla inn i fjor. Her frå konteinaren i Øyane (privat foto)
Andris Hamrelørdag 02. des. 2017 09:00

Hordaland fylkeskommune sin miljøpris skal vere til heider for einskildpersonar, lag og verksemder som har utmerka seg innafor klima- og miljøvernarbeid i året som gjekk.

Prisen famnar breitt. Har du ein idé om kven som fortener denne utmerkinga? Send inn og grunngje forslaget ditt.

- Prisen er heilt open. Det har alltid vore breidde i type saker som har fått prisen tidlegare, og vi ønskjer alle type nominasjonar, men de nominerte må ha gjort noko for å forbetre miljøet i Hordaland, seier Tale Halsør, rådgjevar på klima- og naturressursseksjonen i Hordaland fylkeskommune i ei pressemelding.

Plastkvalengasjement ga pris i fjor

I fjor var det Kennteh Bruvik som fekk prisen på bakgrunn av sitt arbeid med å få i gang strandrydding og rette søkelyset på marin forsøpling etter at ein etter kvart verdsberømt kval med buken full av plast stranda på Sotra.

Juryen består av

  • Jon Askeland, leiar MISA (utval for miljø og samferdsel)
  • Marthe Hammer, nestleiar i MISA
  • Geir Angeltveit frå Venstre

Vinnaren blir offentleggjort på fylkestinget i mars.

Her kan du nominera din kandidat

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.