Lokal | 21. okt. 2014

– Kven eig denne båten?

Einar Valle skulle visa båtplassen sin til ein potensiell leigetakar, men plassen var allereie «utleigd».

– Kven eig denne båten?
Denne båten ligg på lånt plass. Er den din? (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 21. okt. 2014 07:02

Einar Valle, som eig båtplass i anlegget utanfor Os Sjøfront, ber eigar av båten på bildet om å melda seg.

– Han skulle visa båtplassen til ein som vurderer å leiga den, men der låg det allereie ein båt, fortel sonen Kenneth Valle.

Dette var søndag 12. oktober. I ettertid har Valle prøvd å finna eigar.

– Båten er registrert på førre eigar, men han selte den for lenge sida. Vi håper dagens eigar les dette og melder seg, seier Kenneth.

Nummeret til Einar er 90782904.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.