Sport | 02. nov. 2016

Kven får best plassering i 2017?

Bookmakarane er tidleg ute og har allereie sett odds på kven av Os og Lysekloster som vil ha best sesong neste år, uavhengig av avdelingsoppsettet.

Kven får best plassering i 2017?
Os og Lysekloster leia kvar sin gong i årets NM-oppgjer på Kuventræ. I ekstraomgangar gjekk Lysekloster frå 2-2 til 2-4 og gjekk vidare. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. nov. 2016 11:18

Os klarte å halda seg i 3. divisjon trass omlegging, Lysekloster rykte ned frå 2. divisjon etter årets sesong.

PostNord-ligaen (2. div.) går frå fire til to avdelingar med 14 lag i kvar, 3. divisjon skiftar no namn til Regionligaen og får seks avdelingar, kvar med 14 lag.

Avdelingsoppsettet skal koma 19. november. BT.no serverte måndag nokre idear til korleis oppsettet kan bli.

Sjansen for at vi igjen får lokaloppgjer mellom Os og Lysekloster, men uavhengig av avdeling er det sett opp odds på kven av dei to rivalane som kjem høgast på tabellen i 2017.

– Dette er ikkje opprykksodds, men odds på kven av dei som har flest poeng når 2017-serien er over. Om dei kjem i kvar si avdeling og på same plass vil vi ikkje sjå på målforskjell eller andre faktorar, men betala innsatsen tilbake til spelarane, forklarer Mikael Mellqvist hos Betsson.com

Tipper Lysekloster foran Os

Stalltipset fra Betsson.com er Lysekloster til 1.40 i odds, mens Os høgast på tabellen av dei to gir 2.85 i odds.

I april vann Lysekloster over Os for første gong, då dei i ekstraomgangar gjekk frå 2-2 til 2-4-siger i NM. Sjå video frå kampen.

- Det ligg an til mange spennande duellar i 2017, og dette er ein av dei mest interessante, seier marknadssjef Håkon Høyland.

– Lysekloster var ein av taparane på serieomlegginga, der mange lag rykte ned. I ein normal «kvardag» ville dei ha overlevd. Om ikkje spelartapet blir for stort vil dei ha alle føresetnadar for å rykka opp igjen til 2. divisjon.

Les òg: Lysekloster bygger stall til 2017

Det er i regi av Betssons nye konsept «Anytime’s Playtime» at det no kjem mange langtidsodds.

- Målet er at kundane våre skal få kunna spela på sine lokale favorittar, seier Høyland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.