Sport | 06. sep. 2014

Kven har dei beste reservane

Søndag er det derby i 5. divisjon. – Eg tviler på at vi vinn 6-1 denne gong, seier Os 2-trenaren. – Eg har på følelsen av at Lysekloster slår Os på søndag, for første gong, seier Lysekloster 2-sjefen.

Kven har dei beste reservane
Frå Os - Lysekloster i vår. Søndag er det andrelaga som speler på Kuventræ. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 06. sep. 2014 07:25

Mens Os og Lysekloster knivar i 3. divisjon er andrelaga rivalar i 5. divisjon.

A-laget til Os vann 5-3 borte over Frøya fredag kveld, Lysekloster speler borte mot Haugesund 2 i ettermiddag.

Men søndag kan du sjå begge andrelaga, mot kvarandre, på Kuventræ (frå klokka 16).

Lysekloster med nye spelarar

Lokaloppgjeret i vår enda med 6-1-siger til Os 2 over Lysekloster 2.

– Vi stiller sterkare denne gong. Våren var bra, men kampen mot Os 2 var ikkje god, seier Tore Nielsen.

Lysekloster 2 rykte opp til 5. divisjon i forfjor, Os 2 rykte ned frå 4. divisjon i fjor. Likevel var Lysekloster 2, med ein tynn stall, over Os 2 på tabellen til sommaren.

– No har vi ei større gruppe og søndag har eg med blant anna den nye A-lagsspelaren Thomas Helland, midtstoppar og A-lagskaptein Aleksander Andersen og forsvarsspelar Thomas Mjelva, som nyleg har meldt overgang til oss frå Os.

– Mjelva er ein talentfull ung spelar med veldig gode haldningar, som er uredd og sterk i taklingane.

– Lysekloster har aldri slått Os i ein seniorkamp før. Eg trur kanskje søndag blir første gong, seier Nielsen.

– Viktig å halda oss

Os 2-trenar Ørnulf Jacobsen seier spelarane er gira framfor lokaloppgjeret, men at han sjølv er meit opptatt av at laget held seg i 5. divisjon enn korleis det går akkurat mot Lysekloster.

– Vi vinn nok ikkje 6-1 denne gong, men vi går for siger, sjølv om det er ein del spelarar ute med skade og Os har mista litt spelarar den siste tida.

Mats Cato Moldskred har gått til Kongsvinger, Roar Vestbø til Eikelandsfjorde og Kenneth Gjerde har reist til Tyskland.

I førre kamp mot Lysekloster 2 stilte Os med blant andre Anders Kinden, John Ole Johannessen, Håvard Grøteide og Sander Kvittingen.

Søndag har dei Torkel Hjertnes og Mats Lepsøe disponible.

– Vi har knapt hatt med spelarar over 20 år, 5. divisjon har vore ein god utviklingsarena for juniorlaget vårt. Stort sett har dei spelt ut dei fleste, men vore litt for svake i begge 16-meterane til å ta nok poeng.

– Vi bør uansett halda oss i divisjonen, for kamp mot seniorar på dette nivået er god trening for dei unge.

Lysekloster 2 ligg på 5. plass før kampen, Os 2 er på 9. plass på tabellen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.