Lokal | 05. nov. 2015

Kven, kva og korleis?

Total uvisse om regjeringa sitt prestisjeprosjekt med statleg finansiering av omsorgstenestene.

Kven, kva og korleis?
Kommunalsjef Nils-Petter Borge blei svar skuldig, som helsedirektoratet blei det, då politikarane stilte spørsmål om forsøksordninga (foto: AH)
Andris Hamretorsdag 05. nov. 2015 14:19

Nils-Petter Borge fekk ei utfordrande oppgåve då han skulle orientera om dei ulike modellane for statleg finansiering av omsorgstenestene.

– Dette er eit treåring prøveprosjekt med statleg finansiering av alle omsorgstenestene, ikkje berre eldreomsorga eller institusjonsplasser. Vi var på eit informasjonsmøte i helsedirektoratet førre veke. Dei har jobba intenst og vore flinke, men alt er ikkje klart enno, innleia Borge.

To modellar

Borge presenterte dei to modellane A og B direktoratet har funne fram til.

– I modell A blir tenestene tildelt etter statlege tildelingskriterier og prismodeller. Det blir òg gitt eit inntektspåslag til kommunen på 4% av netto driftsutgifter, begrensa oppad til 25 millionar per år. Tala blir rekna ut frå rekneskapen for 2014. Vi må òg ha eit klart skille mellom dei som tildeler omsorgstenestene og dei som utførar dei. I denne modellen må vi fråskrive oss den friheten vi har til å innrette tenestene slik vi sjølv ønsker ut frå lokale forhold.

– I modell B skal vi tildele tenestene som tidlegare. Midla frå staten blir øremerkt til omsorgstenestene og vi får, som i modell A eit inntektspåslag på 4% begrensa oppad til 25 millionar per år.

– Forsøket skal finansierast ved at det blir gjort eit uttrekk frå kommuneramma frå forsøkskommunane tilsvarande utgiftene til omsorgstenestene året før forsøksperioda. Administrasjonen er skeptisk, men vi er sjølvsagt villige til å prøva om det er politisk vilje til det. Departementet er svært interesserte i å ha oss med.

– Om vi skal delta vil eg klart foretrekke modell B, men det får vi ikkje sjølv bestemma. Det som får nakkehåra mine til å reise seg er setningen om at vi fråskriver oss fridom, forklarte Borge.

Meir standardisering

Kva forsøksordninga får å bety for opninga av nye Luranetunet er framleis i det blå.

– Eg skjønner ikkje heilt dette med modell A. Kan du utdjupa det litt, undra Nils Anders Nøttseter (MDG).

– Staten skal bestemma tildelingskriteria. Har du ei diagnose slik eller slik, så har du rett på den og den typen teneste. Det er meir standardisering av korleis tenestene gis. I dag er det eit vel av variantar som blir gitt rundt i dei mange kommunane.

– Det er ikkje heilt enkelt for to personar med same diagnose, tildømes hjerneslag, kan ha heilt forskjellige omsorgsbehov, svara Borge.

Uvisse om økonomien

– Kva er oppsida av å vera med på forsøket, undra Jakob Enerhaug (KrF).

– Ei auke på 4% i overføringane. Men også at du som brukar skal vera sikra å få dei same tenestene uavhengig kor du bur. Det vi ikkje veit noko om er kva som skjer når vi opnar nye Lurane, om vi får auka midler til det, svara Borge.

– Eg hadde sett for meg ein moglegheit for oss å finansiera opp tenestene på Lurane, kommenterte Terje Søviknes (Frp) før han fortsatte.

– Gitt at ein lagar kriteriar som seier at den og den tilstanden skal gje x timar heimehjelp eller heimesjukepleie. Er det vår kostnad per time som skal danna grunnlaget eller gjennomsnittleg timepris for alle kommunane?

– I tertialrapporten kommenterte vi at vi velgjer kreative løysingar i heimen fordi det er billigare for kommunen enn institusjonsplassar. Om kriteria seier at du skal få omsorgsboligplass, så må det da følgje med ein million meir frå staten. Om ikkje skjønner eg ikkje vitsen med å ha ein statleg finansiert plass, supplerte partikollega Eirik André Hesthamar.

– Og då er vi nede på at pengane følgjer brukaren, skaut Søviknes inn.

– Det må jo vera ein slik modell, det kan ikkje vera slik at vi ikkje får nok til å oppfylle kriteria, svara Hesthamar seg sjølv og Søviknes.

– Kva med antall plassar. Er det ei fare for at vi har vore for stramme i våre tildelingar. Kan kriteria vera slappare enn våre, slik at vi plutselig står ovanfor eit investeringsbehov. Kven finansierar det? Og kva skjer når den treårige prøveperioden er over. Det må jo ligga ein garanti i botn som ikkje gjer at tenestetilbodet vårt blir verre enn det det er, undra Marie Bruarøy (H).

Blei svar skuldig

– No kjenner eg meg igjen i dei som skulle svara i direktoratet. Eg veit ikkje. Det er ein god del ting som ikkje er bearbeida og gjennomtenkt. Helsedirektoratet er utfordringa av dette på regjeringa. Det er for mykje her til at vi har klart å dukke ned i på den korte tida, svara Borge.

– Til det Marie spør om så meiner eg det er noko ein må ha krav på å få vita før ein går i gang. Om antakelsane om at Os får meir penger i forsøket stemmer, så må ein vita kva etterpå, ellers blir det veldig vanskeleg, supplerte rådmann Knut Terje Rekve.

Uferdig, kan bli skubba på

Ordførararen fortalde at han hadde drøfta saka med partikollegaer i regjeringa.

– Eg veit dei har jobba knallhardt i helsedirektorat for å komma dit dei er no. Eg skal ikkje spå kva som kjem til å skje, men er skepsisen like stor i andre kommuner, så er det ikkje sikkert at det skjer frå 1. januar. Dette har stor prestisje i frå regjeringa. Det kan vera at dei vel å skyva på prosjktet for å få med seg nok og riktige kommunar.

– Eg tok det opp med finansministeren då eg møtte ho førre helg, dette er jo ein av kjernesakene til Frp, dei er veldig obs på situasjonen som er i ferd med å oppstå. For kommunane har det nett vore eit val med mange nye politikarar. Det å komma med det no er kanskje ei dårlig timing, så får vi sjå kva som skjer.

– Vi får freiste å finna ut så mykje som mulig fram til vår politisk behandling, oppsummerte Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.