Politikk | 20. okt. 2015

Kven røysta på Terje?

Terje Søviknes (Frp) attvald som ordførar i Os med 19 (!) mot 16 røyster. Éin i opposisjonen ville heller ha han enn sin eigen kandidat.

Kven røysta på Terje?
Ein av desse i opposisjonen stemte på Terje Søviknes (Frp) i staden for sin eigen kandidat (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 20. okt. 2015 17:18

Bildeserie:

Marie Bruarøy (H) og Terje Søviknes (Frp) blei vald til varaordførar og ordførar (foto: AH)
Marie Bruarøy (H) og Terje Søviknes (Frp) blei vald til varaordførar og ordførar (foto: AH)
1 av 1
Marie Bruarøy (H) og Terje Søviknes (Frp) blei vald til varaordførar og ordførar (foto: AH)

Det nye kommunestyret blei konstituert tysdag ettermiddag, og allereie i ei av dei første sakane, val av ordførar og varaordførar kom ei lita politisk overrasking.

Terje Søviknes (Frp) blei, ikkje overraskande, attvald som ordførar.

Men ikkje med 18 mot 17 røyster som venta. Han fekk nemleg støtte frå ein av representantane i opposisjonen. I det skriftlege valet fekk Søviknes 19 røyster, Helge Steinum (Ap) 7 og Jon Sivert Rykkel (V) 9 røyster.

Marie held fram

Like lite overraskande som at Terje Søviknes blei attvald som ordførar var det at Marie Bruarøy (H) blei attvald som varaordførar.

Bruarøy fekk oppskriftsmessig dei 18 røystene ho trengde og slo med det Nils-Anders Nøttseter (MDG) som fekk 10 røyster og Tone Hepsøe (Ap) med 7.

Søviknes og Bruarøy blir leiar og nestleiar i formannskapet. Dei øvrige medlemmane i formannskapet, som òg er kommunen sitt økonomiutval er:

Helge Steinum (Ap)
Tone Hepsøe (Ap)
Laila Marie Reiertsen (Frp)
Jonn Garvik (Frp)
Ståle Skaatun (H)
Nils-Anders Nøttseter (MDG)
Jon Sivert Rykkel (V)

Gustav gjer comeback

Som leiar i Plan- og Bygingsutvalet (PBU). Etter fire år som "berre" fast medlem i PBU kjem Gustav Bahus (Frp) no attende som leiar av utvalet etter fire år med Ståle Skaatun (H) i leiarstolen.

Med seg i utvalet får han:

May Brit Haringstad Mjøs (H) - nestleiar
Espen Aspenes (Frp)
Ove Frotvedt (Frp)
Kristin Søfteland-Larsson (H)
Harald Døsen (Ap)
Trine Lindborg (Ap)
Sigrid Aanestad Bakke (KrF)
Terje Sperrevik (TvS)

Ny leiar i tenesteutvalet

Tenesteutvalet fekk ny leiar då Emil Tetlie Brimsholm (H) fekk tilliten til å leia utvalet. Med seg får han tidlegare leiar Eirik André Hesthamar (Frp) som nestleiar.

Resten av utvalet ser slik ut:

Sandra Kristin Austgulen (Ap)
Gisle Hesjedal (Ap)
Marianne Neumann Hjelle (Frp)
Eva Elisabeth Sandtorv (Frp)
Susanne Sperrevik (H)
Jakob Enerhaug (KrF)
Siren Tømmerbakke (Sp)

Nilsen ny kontrollsjef

Kontrollutvalet, som skal sjå til at kommunen blir driven på ein god og lovmessig måte, fekk òg nye medlemmar tysdag kveld.

Arild Mads Nilsen (AP) blei vald som leiar med Leif Gunnar Heggland (FrP) som nestleiar. Dei øvrige medlemmane blei: Bjørn Matland (H), Eva Bergstø (Frp) og Eirik Neverdal (TvS)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.