Sport | 18. juli 2014

Kven rykker opp?

Tre poeng skil femteplass frå førsteplass i Os og Lysekloster si 3. divisjonsavdeling. Her er fersk odds på opprykk.

Kven rykker opp?
Lysekloster og Os før kampstart sommaren 2013. I år er det lokaloppgjer i Lysefjorden søndag 10. august. (Foto: Henrik Mjelva)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. juli 2014 08:07

Den jamne avdeling 7 blei endå tettare i toppen før ferien. Serieleiar Sotra ligg a-poeng med Odda, eitt poeng framfor Lysekloster, to poeng framfor Bjarg på 4. plass og tre poeng framfor Os på 5. plass.

– Vi trur Lysekloster blir haustens lag. Lysekloster har det høgaste maksnivået slik vi ser det, derfor er dei, trass i svikt litt for mange gongar i vårsesongen, favorittar til opprykk, seier Daniel Vassbund fra NordicBet.com.

Opprykksoddsen på Lysekloster er 3 hos NordicBet, mens Bjarg og serieleiar Sotra gir 4.25 i odds.

NordicBet gir 5.25 i odds på opprykk til Os.

Store endringar frå første oppsett

Vassbund, som også er oddssetjar hos Betsson.com, har endra meining frå oddsen han delte ut på avdeling 7 i vinter.

Då var Lysekloster favoritt, men ein tydelegare favoritt med 2.85 i odds.

- Haustsesongen blir veldig spennande. Det kjem til å svinga ein del i rundane fremover også, så får vi sjå kven som finn knallformen og stikk frå dei andre. Vi trur på Lysekloster, men med 3 i odds seier det seg sjølv at vi ikkje er sikre.

Os har klatra frå 29 til 5.25 i odds, Sotra har klatra frå 29 til 4.25 og Odda har klatra frå 100 (!) til 4.25 i forhold til oddsen som blei servert i november 2013.

Derby søndag 10. august

Lysekloster startar haustsesongen med bortekamp mot Øystese laurdag 2. august, Os startar med heimekamp mot Varegg søndag 3. august.

Lokaloppgjeret mellom Lysekloster og Os går søndag 10. august med kampstart klokka 16.00.

SJÅ TABELL OG TERMINLISTE

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.