Bjørn Arne har sjølv vore ved vatnet på dugnad denne forsommaren, men håper kommunen vil setja av midlar til drift og vedlikehald. (Privat foto)

Kven skal stella Søfteland sin badeplass?

Potensiale for meir idyll: Os kommune vil diskutera Vinddalsvatnet etter innspel frå nabo.

image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Søfteland er den einaste krinsen i Os som ikkje har tilkomst til sjø, men badeplass har dei. Idyllisk og sørvestvendt ligg Os kommune sitt 6,5 mål store friluftsområde i nordenden av Vinddalsvatnet.

– Vi er mange som har hatt mykje glede av dette området, vi er også fleire som bur i nærleiken som har stelt plassen, slått graset og prøvd å legga til rette for at både dei som bur i nærleiken, skulen og andre skal kunna kosa seg her, seier Bjørn Arne Braathen.

– Men det varierer kor mange som har kapasitet og interesse for å ta vedlikehald, og plassen er for fin til at den skal gro igjen. Potensialet er stort, meiner han.

– Kunne vore så mykje betre

Eigedomen er kommunal og i plankatet sett av til friluftsliv og bading. Men det er ikkje verken vedlikehalde eller utstyrt som eit område for bading for ein heil skulekrins.

– Det heng ein gamal bøye her, og ein stige til redning på is, som vi heldigvis ikkje har fått bruk for, for den er heilt morken.

– Her kunne det vore både slått av gras, nokre benkar, ein grillplass, eit toalett og kanskje til og med ei badebrygge og eit stupebrett. Det er god parkering og enkel tilkomst, kort veg frå skule og busshaldeplass, dette er eit område som mange enkelt kan besøka.

– Alt ligg til rette for at vi kunne hatt langt større glede av plassen, og Søfteland er ein krins som, med fleire større utbyggingsprosjekt, er i kraftig vekst.

Sendte brev til kommunen

Braathen har sendt brev til Os kommune for å informera om situasjonen, og for å undersøkja om det er vilje til å byrja å ta vedlikehald av området.

Vinddalsvatnet er nemleg ikkje, som over 20 andre område i Os, inne i systemet til Bergen og omland friluftsråd (BOF).

Av grøntområde som Os kommune sjølv tar vedlikehald på, er Osøyro og sentrumsnære anlegg, frå Lyngheim via sentrumkjerna til Mobergvika.

– Når Os kommune er grunneigar og området er sett av til friluftsliv synest eg det kunne vore sett av midlar til vedlikehald og drift også ved Vinddalsvatnet. Det er behov for ei oppgradering med litt skogfelling og ny grus, i tillegg til generelt vedlikehald.

– Med eit generasjonsskifte i I Internatvegen er det færre av oss som bur nærmast som bruker området. Det er synd om det skal gro heilt igjen og bli ei endå meir skjult perle enn den allereie er.

Vil diskutera saka

Aina Tjosås, kommunalsjef for samfunssutvikling, var opptatt då Midtsiden tok kontakt, men fekk kort sjekka med folk rundt seg.

– Vi har lest brevet frå Braathen og kultureininga vil saman med tekniske tenester prøva å få til eit internt møte før sommaren, seier Tjosås.

I mellomtida har Braathen oppretta ei facebookside for friluftsområdet, der informasjon og engasjement kan samlast.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Nye Flesland

19. august 2017

Les om arkitekturen og kapasiteten - og se liste over de nye butikkene og restaurantene.

bilde-midtsiden

Frå Fana til Os

18. august 2017

Etter to sesongar i 2. divisjon har Skage Simonsen Lehland (19) blitt klar for Kuventræ.

bilde-midtsiden

Sommaren gjorde comeback!

18. august 2017

Fredag midt på dagen fekk vi ein forsmak på finvêret vi har i vente frå søndag og ut neste veke.

bilde-midtsiden

Framdrift på Lyssand

18. august 2017

Gatelys kan koma i oktober, men Hegglandsdalsvegen må utbetrast og flyttast før gangveg kan byggast.

bilde-midtsiden

– Vern om verdiane i hamna

18. august 2017

Natt til torsdag blei utstyr stole frå ein båt i Hatvik. – Dette er ei tid med høgare risiko for tjuveri, åtvarar politiet.