Sport | 20. feb. 2018

Kven skal trena i den nye hallen?

Tida mellom vinterferien og påskeferien blir viktig.

Kven skal trena i den nye hallen?
Tom Leonsen i det som blir foajé mellom Osbadet, Oshallen og ny dobbel fleirebrukshall. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 20. feb. 2018 10:02

I går heldt byggherre Os kommune kranselag for entreprenør Consto Bergen, som bygger ny dobbelhall på Kuventræ.

• Sjå bildeserie frå både kranselag og byggeprosess

Med på kranselaget var òg idrettskonsulent Tom Leonsen frå kultureininga i Os kommune. Saman med Os idrettsråd driv han førebuande arbeid i samband med tildeling av treningstid i hallen.

– Vi har møte fortløpande. Mellom vinterferien og påskeferien skal vi ha ute nok ei undersøking, for å kartlegga behov, i april blir det opna for å søkja om treningstid, fortel Leonsen.

Sjølve tildelinga er det kultursjef Lisbeth Axelsen som fattar vedtak om. Dette skal skje i god tid før sommarferien.

Stort behov

Os kommune styrer frå før tildeling av treningstid både i Oshallen, hallen i Nore Neset Aktivitetshus og gymsalane ved Lunde barneskule, Os barneskule og Os ungdomsskule.

For nokre år sidan, då det var snakk om riving av gymsalen til Os ungdomsskule, sikra Os kommune seg òg tildeling i Søre Øyane som erstattar. Denne har dei halde på sjølv om ungdomsskulegymsalen framleis står.

• Les òg: Ny pris: 103 millionar kroner

– Dei andre skulane styrer tildelinga sjølv. Det er fullt hus og høg aktivitet dei fleste plassar, også på Søfteland etter kva eg har forstått.

– Då vi gjorde undersøkinga før bygging av ny hall starta hadde handballgruppa til Os turn åleine ei underdekning på 40 prosent.

Prioritering, plassering og bruk av klister

Når ny dobbelhall står ferdig er det med to fulle speleflater, der kvar av dei kan delast i tre salar med lette skiljeveggar.

– Korleis blir det prioritert når treningstid skal tildelast?

– Dei som i dag er i ungdomsskulen skal opp her. Elles vil vi sjå på behov, kven kan fint trena vidare i ein gymsal og kven bør få tid i hallen. Dette er òg noko som kan endra seg frå år til år, nye idrettar kan koma og eksisterande klubbar kan gå opp eller ned i medlemsmengd, seier Leonsen.

Han reknar med at det vil bli både kampsport og fleire typar ballspel som får treningstd i dei tre hallane i Os idrettspark.

– Det har vore snakk om at dobbelhallen skal vera fri for handballklister, altså at dei frå 15-16 år og opp ikkje skal trena eller spela i dei nye hallane. Stemmer det?

– Det stemmer at det har vore diskutert, og det er ein sjanse for at det òg er sånn det blir. Men det er ikkje endeleg avgjort.

I så fall blir seniorlaga og dei eldste ungdomslaga i handball verande i eksisterande Oshallen. Til gjengjeld får dei færre å konkurrera mot når det kjem til treningstid.

– Alt som handlar om både tildeling, bruk og drift blir diskutert i månadane som kjem, både med idrettsrådet og med Osbadet KF, som skal drifta anlegget. Det handlar om alt frå plassering av ulike idrettar i forhold til kvar i hallen det er størst lager, for eksempel til matter som turn og kampsport bruker, til ballspel og eventuell bruk av klister.

Styret i Os idrettsråd: Bjørn Samdal frå Lysekloster il (leiar), Jermund Flaskerud frå Søfteland TIL (nestleiar), Jan Rune Sund frå Os Taekwon-do Klubb (kasserar), Jarle Heltne frå Nore Neset il, Linda Forstrønen frå Os Turnforening, Cecilie Baggen frå Os Karateklubb, Geir Lepsøe frå Søre Neset il (vara) og Kari Marie Austevoll Lyssand frå Øyglimt (vara).

Innhaldet i hallen over parkeringsskjellaren:

1. etasje
• Nytt inngangsparti med stor foajé
• To fullskala handballhallar til fleirebruk, begge kan delast i tre med skiljevegg
• 6 garderobar (3 herre, 3 dame) med toalett og dusj
• 2 dommargarderobar
• 2 lager (45 og 105 kvm)

2. etasje
• Tribune på 143 kvm
• Teknisk rom 73 kvm
• 4 disponible rom (65, 124, 142 og 222 kvm)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.