Lokal | 15. okt. 2017

Kven skal vie dykk?

Frå 1. januar 2018 kan ein av desse vie dykk om de giftar dykk borgarleg.

Kven skal vie dykk?
Line Rye, Marie Bruarøy, Aina Tjosås, Lisbeth Axelsen, Laila Reiertsen eller Christian F. Fotland er alternativa om du skal gifta deg borgeleg etter nyttår (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 15. okt. 2017 07:49

I statsråd 1. september 2017 blei det vedteken å overføre vigselmynde frå domstolane til kommunane, med iverksettingskraft frå 1. januar 2018.

Ordføraren og varaordføraren har gjennom lova vigselmynde, men kommunen kan også gje retten til andre politikarar eller tilsette.

I ei sak til kommunestyret foreslår administrasjonen at også rådmann Christian Fotland, dei to kommunalsjefane Line Rye og Aina Tjosås og kultursjef Lisbeth Axelsen gis vigselsmynde i tillegg til ordførar Marie Bruarøy og varaordførar Laila Marie Reiertsen.

Omlag 30 i året

I saksframlegget kjem det fram at det er omlag 8000 borgarlege vigslar årleg i Noreg.

– Dette vil kunne gi anslagsvis 30-35 vigslar årlig i Os. Det må påreknast flest handvendingar mot helg og vår/sommar. Det kan tenkast at kommunal vigsel i heimkommunen fører til endring i talet på borgarleg vigsel, skriv sakshandsamar Terje B. Lågeide.

Kor kan du gifta deg?

Kommunen vil kunne tilby vigselsrom på rådhuset, og nemner spesifikt dei to møteromma Borgarfjellet og Formannskapssalen som eigna.

– Sett opp mot annan møteaktivitet må det sikrast tilstrekkelig reinhald i forkant av vigslar. Vigselrommet må også tilpassas slik at det får en seremoniell karakter. Gangareal bør utstyres med sittegruppe for ventande brudepar, heiter det i saksframlegget.

Par kan også gifta seg andre stadar i kommunen, men må då rekne med å betala eit gebyr og dekkje reisekostnader.

– Os kommune vil også kunne vie utanfor rådhuset. Oseana eller andre lokalar i Os sentrum kan tilbydast. Brudeparet må da sjølv ordne lokalar. Lokalar utanfor Os sentrum fører til reise tid og gebyr vert fastsatt for dei meirkostnadar dette medfører, skriv administrasjonen.

Vigsel vil på kvardager bli tilbydd mellom klokka 14 og 15. Kvar vigsel er rekna å ta 10-15 minutt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.