Lokal | 21. nov. 2014

Kven styrer utbygginga i Os?

Lesarinnlegg om Bjånes: Snakk om kommunalt knefall for utbyggarane!

Kven styrer utbygginga i Os?
Del av Hatvikvegen inn mot Klyva og krysset ned mot Moldegård og Bjånes. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. nov. 2014 08:54

Då kommunedelplanen for Bjånesutbygginga vart godkjent, vart det stilt rekkefølgekrav til trafikksikring av Hatvikvegen. Desse skal vera på plass før nye hus vert tekne i bruk på Bjånes.

M.a. skal gang og sykkelveg langs Hatvikvegen frå krysset med Hegglandsdalsvegen til Bjånes-vegen (ny tilkomst ved Klyve) vera ferdigstilt.

Me som bur langs Hatvikvegen har jobba for å få gangfelt her i over 35 år uten å bli høyrt!

Det var fint å få gangfelt frå Osøyro til Midtbøveg-krysset, men strekninga derfrå til Klyve har blitt meir og meir farleg i takt med trafikkauka.

Fotgjengarar og syklistar må balansera på den kvite stripa som før - og det føler me ofte er med livet som innsats. Frå 2001 til 2008 vart det registrert 15 trafikkulykker med personskade på Hatvikvegen vest. Me har ikkje sett sikre tal frå 2008 og til no, men ulykker har skjedd, og ein person har mista livet.

Det var diverre inga «bombe» for oss at utbyggarane søkte kommunen om dispensasjon frå rekkefølgekrava i samband med Bjånesutbygginga. Me håpte at politikkarane sto ved «lovnadane» sine om å stå fast på desse krava.

Ordføraren sa til Midtsiden i desember 2013 at: «Utbygginga vil bli realisert i tråd med krava i Kommunedelplanen for Bjåneshalvøya».

Gustav Bahus har sagt at «spaden skal ikkje stikkast i jorda på Bjånes før gang og sykkelveg til Klyve er på plass».

Den siste tida har utbyggarane fått mykje spalteplass både i Os og Fusaposten og på Midtsiden der dei skryt uhemma om dei flotte planane for Bjånsutbygginga.

Natur og kultur skal vera eit berande element for området, og det skal sikrast «tilgjengeligheit» og tilgang på naturopplevingar for både omegn og bebuarane i området. Korleis ein skal kunna koma seg levande til og frå, har me ikkje sett at det har stått noko om.

Administrasjonen i Os kommune tilrår i si innstilling til plan- og bygningsutvalet at ein gir dispensasjon frå krava inntil dei 200 første bustadane er bygd på Bjåneshalvøya «dersom fartsreduserande og tryggleiksfremjande tiltak på Hatvikvegen mellom avkøyrsel til Hegglandsdalen og ny avkøyrsel til Bjånes vert oppretta». Liknande tiltak skal og opprettast i Midtbøvegen slik at den kan brukast som midlertidig gang og sykkelveg.

Snakk om kommunalt knefall for utbyggarane!

Dette kan forståast slik - i alle fall for store utbyggarar - at ein i første omgang kan godta alle rekkefølgekrav som Os kommune stiller. I neste omgang søker ein om dispensasjon, og så får ein det som ein vil.

Kven er viktigast for politikarane i Os - innbyggarane eller utbyggarane?

Bjørg og Alf Strønen, som bur på Bø

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.