Lokal | 22. mars 2017

Kvifor blei ikkje Gustav varsla?

Fungerer varslingsrutinane til kommunen og kva gjer ein for å få mobildekning i nybygget til teknisk drift blei spørsmål i formannskapet. Sjå korleis du får SMS-varsel frå kommunen.

Kvifor blei ikkje Gustav varsla?
Gustav Bahus fekk ikkje varsel då vatnet blei borte i Granlia (kor han bur). Kommunalsjef Aina Tjosås forklarte rutinane og korleis han sjølv kan sikra seg at han er registrert (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 22. mars 2017 08:47

I formannskapet tysdag tok Gustav Bahus (Frp) opp den manglande mobildekninga i teknisk eining sine nye lokaler i Kolskogen.

– Det er ikkje dekning på mobiltelefonar i det nye bygget i Kolskogen. Det er lite tilfredsstillande for dei som har det som arbeidsplass når dei ikkje kan nytta mobiltelefonen på kontoret sitt.

– Enno meir trasig er det at innbyggjarane i Os ikkje kan nå teknisk vakt med melding om vatnbrot eller andre ting om denne er på huset og ikkje ute i felten, påpeika Bahus.

Vil kjøpa nye telefonar

Rådmann Christian F. Fotland innrømma at det er, og hadde vore, ein krevande situasjon.

– Dekninga der oppe har vore krevande. Det er to måter å få det til. Den eine er å kjøpa nokre tilleggsmodular som kostar rundt 300 000 kroner. Den andre løysninga er å bytta ut dei eldre telefonane til dei tilsette og nytta seg av tale via WIFI som Telenor har gått ut med reklame om. Eg trur kanskje det siste er den rimelegste og mest framtidsretta løysingen, svara rådmannen, som lovde at dei skulle finna ein løysing.

Fekk ikkje varsel

I forlenging av spørsmålet tok Bahus òg opp den sms-varslinga som teknisk eining nyttar for å gje innbyggjarane beskjed om brot på vatnledningar, planlagt vedlikehald og tilsvarande.

– Eg skal bruka meg sjølv som eksempel. I går var det eit vatnledningsbrot i Granlia og det gjekk ut melding til bebuarar der, men ved ein inkurie kom ikkje det melding til meg om at vatnet skulle stengast klokka ni. No skal ein ikkje forlata huset med vaskemaskin eller oppvaskemaskin i gang, men vi veit alle kor kjedeleg det er å komma heim og oppdaga at desse ikkje har vatn. Det har noko med tryggleiken til innbyggjerane, kommenterte Bahus.

Kommunalsjef Aina Tjosås hadde svaret på kvifor Bahus ikkje blei varsla.

– Når vi sender ut eit varsel, så set vi opp eit polygon i systemet kor alle som bur innanfor får varsel. Akkurat denne gongen så havna du utanfor polygonet, difor fekk du det ikkje, forklarte Tjosås.

– Registrer deg!

Tjosås forklarte at kommunen nyttar informasjon frå folkeregisteret, nummeropplysninga og informasjon frå GAB-registeret for å senda ut varsla.

– Men har du skjult nummer eller kontantkort så ligg du ikkje i registeret, men det er mogleg å legga til nummer direkte på kommunen si heimeside. Der ligg det ei oppskrift på korleis du legg inn nummeret du ønskjer å bli varsla på. Det er viktig at folk gjer om dei byttar telefonnummer eller operatør, påpeika Tjosås.

Sida for å registrere nummeret ditt finn du her

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.