Næringsliv | 16. okt. 2014

Kvifor er Brattvåg best?

John Knudsen, president commercial i Rolls-Royce, fortel at flyttinga blei avgjort av eit samstemt styre.

Kvifor er Brattvåg best?
President commercial i Rolls-Royce, John Knudsen, var sjølv på avdelinga i Hagavik i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. okt. 2014 13:37

På allmøte i dag fekk dei tilsette ved Rolls-Royce Hagavik beskjed om at produksjonen av styremaskinene skal flyttast til Brattvåg innan utgangen av 2016.

Les òg: Rolls-Royce flyttar til Brattvåg

Rundt 80 av dei tilsette ved fabrikken jobbar med denne produksjonen.

– Heile huset skal tømast. Kvar dei andre som sit med meir merkantile oppgåver skal flyttast er førebels ikkje avgjort, fortel John Knudsen.

Det betyr at til saman rundt 130 arbeidsplassar forsvinn ut av Os kommune.

Bakgrunnen for at leiinga såg på fire alternativ, samlokalisering i Hagavik eller Brattvåg, flytting til Polen eller bygging av ny fabrikk ein stad i Aust-Europa, er at ordredekninga på styremaskinene produsert i Hagavik og Brattvåg samla sett var på berre 64 prosent.

Hagavik og Brattvåg produserer ulike styremaskiner, Hagavik i stor grad for den internasjonale handelsflåten, Brattvåg meir for fiske og offshore, ikkje minst til norske verft.

– Men er det ikkje rett at Hagavik har hektiske dagar og store ordrereservar? Går det då veldig dårleg på Brattvåg når snittet er så lågt, og er det i så fall beste plassen å samlokalisera på, når Brattvåg i tillegg har langt færre tilsette å flytta på?

– Dette er interne tal som eg ikkje ønskjer å kommentera. 8-9 kriterier blei vurdert før avgjerda blei fatta, blant anna det at vi også har annan produksjon på Brattvåg og derfor enklare kan bruka folk på tvers av produkt ved eventuelle framtidige svingningar. Styret i Rolls-Royce Norge var samstemt då dei bestemte at vi flyttar produksjonen til Brattvåg.

– I kva grad har de lytta til kundane? Har kundane til Brattvåg, sidan dei er norske, blitt lytta betre til nettopp fordi dei er lokale?

– Vi har gått aktivt ut og lytta til kundane, som er tydelege på at dei vil at produksjonen skal bli verande i Noreg. Men vi har ikkje lytta meir til norske enn internasjonale kundar, vi har gått aktivt ut og fått meiningane til over 10 utanlandske kundar.

– Stilte leiinga i Noreg nokre spørsmålsteikn til flyttinga, eller gjorde noko forsøk på å hindra samlokalisering. Var det ingen som lanserte eit femte alternativ der det blei kjempa for å halda på begge?

– Rolls-Royce er eit stort konsern med 27 fabrikkar. At to av dei blir slått saman til éin er gjerne ikkje så unaturleg.

– Kva spørsmål og kommentarar kom det frå dei tilsette på allmøtet?

– Mange var knytt til kvifor vi har valt det vi har valt og korleis vi vil overføra kompetansen. Dei tilsette har også vist stort engasjement for produktet.

– Det er mykje utstyr og mykje kompetanse å flytta. Korleis vil de gjera det?

– No er det over 24 månadar til vi skal avslutta her, så vi meiner det skal vera god nok tid til å overføra kompetanse, spesielt når det er til ein fabrikk der dei produserer styremaskiner frå før.

– Dette er ein trist dag for mange av våre tilsette og vi vil også bruka tida til å skaffa flest mogleg av dei nytt arbeid. Vi har ei stor avdeling i Bergen og eg håper det kan opna seg sjansar for fleire av dei der, seier John Knudsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.