Sånn ser det ofte ut på delar av Kuvågvegen. (Mobilfoto/lesarbilde)

Kvifor ligg det strødd med skalkar?

Nærmast kvar dag er delar av Kuvågvegen dekka med opphakka brødskalkar. Ein hundeeigar reagerer og stiller seg undrande til "fenomenet".

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Tirsdag, januar 31, 2012 - 12:44

– Eg går dagleg tur i Kuvågvegen og har i det siste merka at det ofte ligg strødd med opphakka brødskalkar langs vegen, fortel ein innringar til Midtsiden-redaksjonen.

For det første lurer han på kva som er årsaka til forsøplinga, for det andre fryktar han at hunden kan få i seg noko han ikkje skal.

– Det var eit tilfelle på Austlandet der nokon tok gift i brødskalkar og la ut i vegen. Dei var lei av hundeskit og valte ein brutal metode.

– No har eg ikkje grunn til å tru at dette er tilfelle her, men det er mange som går tur med hunden sin i området og det er ikkje heldig at hundane går og et i seg dette som ligg langs vegen.

Innringaren tviler på at det er snakk om grisemat som har ramla av tilhengar eller ungar som har kasta brødskalkane for å lata som om dei har vore flinke og tygd dei i seg på skulen.

– Eg tviler på at det er grisefarm i Kuvågen og skalkane er utan spor etter pålegg, så det er nok ikkje restar etter niste. Men om nokon veit kvifor skalkane ligg i vegen så skulle eg likt å få svaret.

 

 

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11