Karl Kvile (t.h.), her som leiar for Os 2, har sett nærmare på A-laget sin statistikk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– 20 prosent sjanse for opprykk

Ny hovudtrenar for Os er glad i tal. Statistikken fortel at 2018 blir krevjande.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Måndag ettermiddag blei det nye trenarteamet til Os Fotball presentert.

Karl Kvile blir ny hovudtrenar for Os sitt A-lag med Endre Brenne som spelande assistent.

– Vi hadde fleire gode kandidatar, både med erfaring frå høgare nivå og internt, nokre av dei kom også til oss og meldte sitt kandidatur, seier formann Jon Sivert Rykkel.

– Kvile kjenner stilen, klubben og ungdomen vår, og vi trur han har det som skal til for å ta Os opp igjen.

Martin Røttingen Eidsvik får hovudansvaret for Os 2, med seg på laget har han John Ole Johannessen. Per Hilmar Nybø kjem inn i sportsleg apparat for å ta rolletrening frå ungdom til A-lag.

Travel mann med god tid

Karl Kvile er, ved sidan av å ha UEFA A-lisens, utdanna pilot og tannlege. Han held fram i tannlegepraksis mens han tar steget opp frå B- til A-lag, nokre simulerte turar i lufta kan det òg bli.

– Eg skal ta eit kurs for å bli flysimulatorinstruktør for Norwegian. Datoar er ikkje kome, men det vil bli nokre periodar der eg er to-tre dagar vekke frå feltet no i vinter. Dette har eg sagt ifrå om, og det skal gå fint å kombinera med oppkøyringa til Os.

Oppkøyringa har eit tydeleg mål, opprykk og comeback til 3. divisjon. Det er ikkje eit opprykk Kvile trur kjem gratis.

– 20 prosent sjanse for opprykk

Den nye Os-trenaren er klar over, og innstilt på, å jobba for å få Os opp igjen etter nedrykket i haust.

– Eg har ei meining om kva som må til, og eg kan fint leva med at folk ventar at vi skal opp igjen snarast råd. Men både supportarar og spelarar må vera klar over at det er ei utfordrande oppgåve. Eg trur vi skal klara det, men det ikkje noko som kjem av seg sjølv.

Som tannlege og pilot må han handtera og forstå ulike instrument. Innan fotball er han glad i analyse - med tal og statistikk som viktige verktøy.

– Tal er ikkje alt, men det kan likevel gje deg som trenar ein peikepinn, og det kan vera til inspirasjon for spelarar. Tal er tydeleg og lett å forstå.

Nokre av tala Kvile har sett på mens han har vore kandidat til trenarjobben, er statistikk for opprykk frå 4. divisjon året etter nedrykk frå 3. divisjon.

– Dei siste 10 åra har 20 lag gått ned frå 3. divisjon, om vi ser vekk frå fjoråret, då divisjonen blei skjerpa og alt frå 5. plass rykte ned.

– Av desse 20 laga er det berre 4 som har rykt opp igjen året etter, og det har aldri skjedd to år på rad at den som rykker opp til 3. divisjon spelte i denne divisjonen året før.

Statistikken fortel om 20 prosent sjanse for opprykk til Os neste år.

– Eg reknar med at vi må ha 53 poeng. Det klarer vi med 17 sigrar, 2 uavgjort og 3 tap.

11 baklengs på 15 minutt 

Kvile er innstilt på å vidareføra spelestilen til Os, men å bli meir direkte.

– Vi kjem nok òg til å møta ein del lag som legg seg lågt, og må øva inn ulike kombinasjonsspel som går på eitt touch, og som tar oss raskt i lengderetning og inn i bakrom.

Som Os 2-trenar har han blitt kjent med stilen han no vil vidareutvikla, og han har sett rundt halvparten av heimekampane til A-laget i 2017. Han har naturlegvis òg sett på nokre tal som har vore med på å gi han ein peikepinn.

– Os har skåra 10 mål i løpet av dei første 30 minutta i årets heimekampar. Det er bra, og det seier noko positivt om tenningsnivå og fokus.

– Men dei har sleppt inn 11 mål på dei siste 15 minutta av kampane. Det seier noko om fysisk form, denne må bli betre. Er du trøytt så er det ikkje berre løpskapasiteten det går utover, du tar dårlegare val. Vi har òg sleppt inn for mykje i starten på 2. omgang i kampane som var i år. Konsentrasjonen etter pause kan tydelegvis bli betre.

Skal testast

Steget frå spelarutvikling til å leia eit seniorlag med ambisjonar om opprykk er tatt.

– Vil dei frå årets Os 2 som eventuelt blir tatt opp i A-stallen til neste år merka forskjell på Karl Kvile?

– Ja. Rolla eg no har fått krev at eg er meir kynisk. Vi skal framleis utvikla oss som spelarar og kollektivt, men på seniornivå er det først og fremst resultat det handlar om.

I går leia han si første trening med A-laget, i starten av desember er første fysiske test, i starten på januar, ei veke før A-stallen skal takast ut, er det ny test. Framgang fortel om gode haldningar.

– Dagsform kan vippa ein og andre vegen, det skal vi ta omsyn til. I tillegg vil dei yngre spelarane få eit styrkeprogram av meg, som kan gjera dei litt tyngre. Men eg vil sjå at alle tar oppgåva på alvor.

– Eg bryr meg ikkje om kven som har kontrakt eller ikkje, A-stallen i 2018 skal ikkje innehalda daudkjøt, vi skal i form.

Store delar av årets stall har signalisert at dei er med vidare, men Kvile reknar med litt utskifting.

– Nokre av dei yngre spelarane våre er attraktiv for høgare nivå, andre har gjerne ikkje det som skal til for å følgja programmet for oppkøyringa. Noko nytt skal vi uansett ha plass til.