Karl Kvile. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Kvile trer av som Os-trenar

– Usemje gjer at eg gir meg, seier A-lagstrenaren.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Karl Kvile, som overtok som trenar for Os sitt A-lag etter Hassan El Fakiri, er i dag gitt seg i Os Fotball.

– Eg har valt å tre til side, seier Kvile til Midtsiden onsdag kveld.

Han fortel at usemje om verkemiddel for utvikling som skal føra til ønskt målsetnad er årsaka.

– Kva verkemiddel er det usemje om?

– Når eg har ansvaret for ei prestasjonsgruppe så er eg avhengig av full støtte i spelargruppa, at alle drar i same retning. Det har tydelegvis ikkje vore tilfelle.

Takkar for tida si på Kuventræ

Kvile gir seg berre to dagar etter serieopninga. Os dominerte bortekampen mot Fyllingsdalen 2, men hamna under heile 3-0 og klarte berre nesten å ta poeng.

Han hadde eit år som leiar for utvikling av spelarar til A-laget før han overtok som hovudtrenar. Etter eit år med Os 2 blei det berre ein vinter med førstelaget.

– Eg ønskjer å takka for tida mi i Os. Eg har hatt det fint på Kuventræ, saman med mange hyggelege folk, og eg har blitt veldig glad i klubben. Eg ønskjer Os lykke til vidare og eg håper verkeleg at dei klarer opprykket!

• Les òg: Ørjan Håland gir seg i Varegg (tysdag 10. april)

På jakt etter ny trenar

Styreformann Jon Sivert Rykkel ønskjer ikkje å kommentera usemja utover det Kvile har gjort.

– Når ting har blitt som det har blitt så vil eg takka han for jobben han har utført i nesten halvanna år i Os Fotball, seier Rykkel.

– Er det andre i trenarteamet som gir seg?

– Per no er det hovudtrenaren, men eg kan ikkje uttala meg sikkert før vi har hatt samtalar med resten av trenarane.

Det er Tim Henrik Sperrevik som er assistenttrenar for Os.

– Er det Sperrevik som leiar laget i årets første seriekamp på heimebane no på laurdag?

– Vi har fleire dyktige folk rundt A-laget, så det òg er tidleg å svara på.