Lokal | 20. juli 2017

Kvinne sakna frå Sund

Ein stor leiteaksjon er i gang. Politiet ber om tipd. (Oppdatert)

Kvinne sakna frå Sund
Elina Christie Brandt-Hansen (62) blei meldt sakna frå Klokkarvik i Sund kommune onsdag kveld. (Foto: Politiet/privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. juli 2017 09:22

Det pågår ein stor leiteaksjon i Sund etter at ei 62 år gamal kvinne blei meldt sakna onsdag kveld.

Den sakna er frå Klokkarvik.

– Kvinna er tynn, 160 - 170 cm høy og har grått hår. Det er ikkje kjent kva kvinna var kledd i da ho forsvann, opplyser politiet.

Leiteaksjon blei første sett i gang med utgangspunkt i kvinna sin heim på Klokkarvik. Ressursar frå Norske Redningshunder, Røde Kors, Norsk Folkehjelp, Sivilforsvaret og redningsskøyten Bjarne Kyrkjebø deltar. I løpet av formiddagen er det òg sett inn redningshelikopter.

– Ut frå innsamla opplysningar ser det ut som om kvinna kan ha tatt buss frå Klokkarvik 19. juli kl. 10.28 i retning Skogsskiftet. I det høvet er politiet interessert i opplysningar frå personar som kan ha observert kvinna på bussen eller seinare.

Oppdatert:Fredag i 21-tida fortel politiet at dei har funne ein død person. Identifisering er ikkje gjennomført, men det er grunn til å tru at dette er den sakna kvinna.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.