Sport | 25. juli 2016

Kvittingen og Kirk Larsen til Lysekloster

Lysekloster har signert Os-spelar Håkon Kvittingen og tidlegare Odense-spelar Oliver Kirk Larsen.

Kvittingen og Kirk Larsen til Lysekloster
Håkon Kvittingen går frå Os til Lysekloster, danske Oliver Kirk Larsen går frå Middelfart til klubben i Lysefjorden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. juli 2016 11:41

I dag blei det klart at Håkon Kvittingen går frå Os i 3. divisjon til Lysekloster i 2. divisjon.

– Etter samtale med Hassan El Fakiri og Ørjan Håland (Os-trenarane) kom det fram at eg ikkje er ein dei satsar på vidare, og det var ope for at eg prøvde meg andre stadar.

– No har eg trent med Lysekloster i to veker og eg håper og trur at eit nytt miljø kan vera bra, seier Håkon til Midtsiden.

Kvittingen var ikkje del av A-laget til Os då dei i 2010 var i 2. divisjon, men kom inn kort tid etter nedrykket.

– Han er ein spelar med bra trøkk, god fysikk og fin innstilling. No er vi einige om at han er med oss ut sesongen, og det er vi glade for, seier Lysekloster-trenar Thomas Sandal.

Ulike andre klubbar skal ha vist interesse for Håkon sin veslebror, Os-spelar Sander Kvittingen, men han seier til Midtsiden at det ligg an til at han blir på Kuventræ.

Danske med fartstid på øvste danske nivå

I førre veke signerte Lysekloster ein annan spelar, danske Oliver Kirk Larsen (25).

Larsen har vakse opp i den danske storklubben Odense, der han blant anna har spelt Europe League mot Fulham og Champions League-kvalifisering mot Villareal i 2011 og 2012.

Seinare har han vore i Vard Haugesund (1. divisjon) før han i 2014 var tilbake i danske Middelfart (2. divisjon) og no blei henta tilbake til Noreg.

– Det var agenten min som sa at Lysekloster trengte spelarar. Eg kom på prøvetrening og var positivt overraska over nivået, seier Larsen til Midtsiden.

Laurdag var han ubrukt innbytar då Lysekloster tapte 0-3 for Lørenskog.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.