Andreas Kytiri kom til Livorno måndag, og har trent med U19-laget heile veka. (Privat foto)

Kytiri på prøvespel hos Livorno

Andreas Kytiri, som for tida trener fotball i Italia, er for tida på prøvespel i ein klubb som spelte i Serie A i 2013.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

For ein månad sidan fortalte vi om osingen Andreas Kytiri, som sidan i haust har vore del av eit talentprogram i italienske Perugia.

Etter ein kamp for eit par veker sidan blei han og ein annan frå talentgruppa, ein keeper frå Hviterussland, inviterte til prøvespel på motsett side av «støvelen», i hamnebyen Livorno på vestkysten.

– Vi sette oss på toget måndag morgon og har trent med Livorno sitt U19-lag (som utgjer Liverno sitt andrelag) kvar dag, bortsett frå ein dag vi spelte kamp, fortel Andreas til Midtsiden.

I dag har han si siste økt i A.S. Livorno - for denne gong.

Stor klubb med god ungdomstrenar

Livorno sitt A-lag spelte på øvste nivå i Italia seinast i 2013. No er dei på 4. plass i Lega Pro, tredje øvste nivå. Stadion, Stadio Armando Picchi, har kapasitet på over 19.000 tilskodarar.

– Eg har fått eit veldig godt inntrykk av klubben og apparetet rundt, også når det kjem til ungdomssatsinga. Hovudtrenaren til U19-laget er Marco Nappi, som har mange Serie A-sesongar bak seg.

Marco Nappi spelte for Genoa frå 1988 til 1999, har vore lagkamerat med blant andre Roberto Baggio på Fiorentina og spelt cupfinale mot Juventus.

– I går var vi ute og åt middag saman, leiinga for ungdomsfotballen og vi som hadde vore på prøvespel. Dei ville bli litt kjent med oss og korleis vi er av banen. Det gjekk litt i engelsk og litt i italiensk. Eg føler det har gått bra denne veka, det har uansett vore ei flott oppleving.

På veg til test hos fleire klubbar

Kytiri er spent på evalueringa han i dag får frå Livorno, og om dei seinare tar kontakt.

Men han skal òg på prøvespel i andre klubbar.

– Maceratese, som òg speler på tredje øvste nivå, som vi tapte for då eg spelte med Nord-Korea, har òg vist interesse. Kva klubbar eg skal til, og kor tid, er noko ISM (akademiet Kytiri er hos) jobar med i desse dagar, fortel den talentfulle fotballspelaren frå Os.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Legg 17,5 km med kabel

27. mars 2017

Denne arbeidsbåten kom til Os i dag - for å gjera internett betre og tryggare på Tysnes.

bilde-midtsiden

Gang- og sykkelveg heilt i skodda

27. mars 2017

Kommunen prioriterer trygging av Hatvikvegen på topp, men slit med å få Statens vegvesen til å ta arbeidet med grunnavståing.

bilde-midtsiden

Tuva sparka seg til NM-sølv

27. mars 2017

Karate-NM i Bærum: Etter Tiril sitt gull og Carmen sin bronse laurdag, følgde Tuva, Armin og Benjamin opp med kvar sine medaljar søndag.

bilde-midtsiden

Rota vekk sigeren

27. mars 2017

Osherrane har berre seg sjølv å takke for at dei ikkje slo Sotra og tok tredjeplassen i 3. divisjon.

bilde-midtsiden

Os oldboys til nok ein finale

26. mars 2017

Her er spelande assistenttrenar Leif Erik Solbakken si fargerike skilding av Statoil Bergen Open - og av lagkameratane sine prestasjonar.

bilde-midtsiden

– Vinn som eit lag

26. mars 2017

Osdamene med fire av fire moglege poeng på austlandet etter solide 30-24 over Fram.

bilde-midtsiden

Osing vald etter kampvotering

26. mars 2017

Ketil Tømmernes frå Søfteland T&IL er vald til ny friidrettspresident etter kampvotering mot tidlegare president Tore Hordnes.