Sport | 16. feb. 2017

Kytiri speler for Nord-Korea U19 i dag

Sidan september har Andreas Kytiri (17) vore med i eit talentprogram i Italia, den siste tida som del av Nord-Korea sin U19-tropp.

Kytiri speler for Nord-Korea U19 i dag
Andreas (t.v.) saman med venar og landslagsspelarar frå andre delar av verda. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. feb. 2017 09:46

Bildeserie:

I kamp for Os 2 våren 2016. (Foto: KVB)
I kamp for Os 2 våren 2016. (Foto: KVB)
Perugia ligg cirka to timar frå Firenze og Roma. (Google Maps)
Perugia ligg cirka to timar frå Firenze og Roma. (Google Maps)
Etter ein haust med eldre gutar (18-21) er Kytiri flytta opp nok eit nivå. (Privat foto)
Etter ein haust med eldre gutar (18-21) er Kytiri flytta opp nok eit nivå. (Privat foto)
– Det går mykje i taktikk, fortel Kytiri. (Privat foto)
– Det går mykje i taktikk, fortel Kytiri. (Privat foto)
Andreas bur i Assisi, nær Perugia. (Privat foto)
Andreas bur i Assisi, nær Perugia. (Privat foto)
Marco Materazzi (Italia sitt landslag frå '01-'08) er blant dei som har vore innom treningsfeltet.
Marco Materazzi (Italia sitt landslag frå '01-'08) er blant dei som har vore innom treningsfeltet.
1 av 6
I kamp for Os 2 våren 2016. (Foto: KVB)
Perugia ligg cirka to timar frå Firenze og Roma. (Google Maps)
Etter ein haust med eldre gutar (18-21) er Kytiri flytta opp nok eit nivå. (Privat foto)
– Det går mykje i taktikk, fortel Kytiri. (Privat foto)
Andreas bur i Assisi, nær Perugia. (Privat foto)
Marco Materazzi (Italia sitt landslag frå '01-'08) er blant dei som har vore innom treningsfeltet.

Torsdag speler osingen Andreas Kytiri treningskamp for Nord-Korea sitt U19-landslag. Kampen går mot det profesjonelle Serie C-laget (tredje høgaste nivå i Italia) Maceratese.

– I fjor tapte dei berre 0-1 for Maceratese. Det er eg og to andre frå akademiet som får spela med Nord-Korea i morgon, fortel Andreas, som har trent med nordkoreanarane sidan januar.

Lysefjordingen spelte for Os 1 junior og for Os 2 i 4. divisjon fram til han i september i fjor reiste til Italia for 9 månadar med skule og fotball.

– Andreas er eit arbeidsjern med stor gjennombrotskraft og god ballkontroll. I tillegg, og viktigast av alt, er han ein veldig fin type å ha i gruppa, både for trenarar og medspelarar. Dei gode haldningane er nok òg viktig for han der han er no, seier ein av trenarane hans, John Ole Johannessen frå Os Fotball.

• Les òg: Mikal Brekke trener som ein proff i Spania

Kytiri stortrivst på «Talent identification Program», eit samarbeid mellom Paolo Rossi Academy, Empoli FC (Serie A) og A.C Perugia (Serie B) i Assisi ved Perugia, sør for Firenze, nordaust for Roma.

Blei invitert etter treningsleir

Andreas fortel at han lenge har hatt draumen mange andre unge fotballgutar har, om å bli proff, og at bakgrunnen for Italia-opphaldet er at han har deltatt på ulike fotballskular i utlandet i fleire år.

– Det starta med ein fotballskule hos Arsenal i 2013, sidan har eg reist utanlands kvar sommar. I mai i år tenkte eg at eg kanskje hadde blitt for gamal for denne typen turar, men bestemte meg likevel for å reisa ein siste gong.

Etter intensiv leiting på nett enda han med å bestilla seg eit opphald ved Paolo Rossi Academy frå 20. juni i fjor.

– Det var utruleg kjekt! Eg fekk eit veldig godt inntrykk av fotballmiljøet og den italienske stilen, men prøvde å ikkje forelska meg for mykje, det skulle jo berre vara i ei veke.

To veker etter at han kom heim, 12. juli, fekk han ein epost frå organisasjonen ISM, som hadde sett den offensive midtbanespelaren frå Os i aksjon på akademiet, og inviterte han til det ni månadar lange «Talent identification Program». Dei sa òg at det var klubbar som hadde vist interesse for han, og at det kunne bli prøvespel for nokre av desse.

Var først i tvil

Unge Kytiri var overraska og glad, men usikker på om han skulle droppa andreåret på Os Gymnas og reisa frå venar, familie og lagkameratar i nesten eit heilt år. Men etter samtalar med venar og familie, som alle gav grønt lys, bestemte han seg for å takka ja.

15. september gjekk turen til Assisi. Der går han på skule, lærer italiensk og trener fotball.

– Det blir trening fem dagar i veka og kamp i helgene. Ofte trener vi etter lunsj på skulen, og tar ei styrkeøkt for oss sjølv etter fotballtreninga, seier Andreas, som ikkje er sikker på om skulen blir godkjent som VG2, eller om han må ta skuleåret opp igjen når han kjem heim.

Klatra i nivå - trener med Nord-Korea

Det er tre lag i ISM. Andreas, som fylte 17 år på tampen av 2016, starta i G14-17, men blei etter eit par veker flytta opp til G18-21, der han etter nokre intensive veker blei del av startellevaren. I haust spelte han fast med den eldre gruppa, men var med G14-17 i enkelte kampar der motstanden var god, som mot Serie B-klubben Perugia sitt U17-lag.

– Det eldste laget er eit veldig godt lag. Nokre av medspelarane mine, éin frå Peru, éin frå Venezuela og to frå Indonesia, har alle blitt kalt inn på landslagssamling i heimlandet.

Den tredje gruppa er meir spesiell, dette er Nord-Korea sitt U19-landslag (årgang '97-'98). I januar blei Andreas flytta over til det koreanske landslaget, som han skal trena med ut opphaldet, og som han skal spela enkelte treningskampar for, som i dag.

– Dette er eit heilt anna nivå, her går det endå fortare og dei er fantastiske spelarar alle saman. To av lagkameratane mine frå Nord-Korea har signert med Serie A-klubbar.

– Korleis er det elles å trena med ungdom frå eit så lukka land?

– Det er jo visse kulturforskjellar. Dei har for eksempel aldri sett ein pc eller mobiltelefon før dei kom til Italia.

Den italienske stilen

Kytiri synest han har stort utbyte av opphaldet, i alle faser av spelet, og at det han har lærd mest om er det taktiske.

– Det er utruleg mykje fokus på det mentale, på strategi og taktikk, dette er nok den største forskjellen på treningskvardagen i forhold til kva eg var van med.

– Elles er det veldig intensivt, vi blir sett i situasjonar som liknar kamp og blir drilla om og om igjen på alternative val sånn at alt sit i beina og i hovudet. All trening er med ball i beina, også stamina, som vi trener ganske mykje av. Det er også hyppige testar og eigen rapportar med tilbakemeldingar.

Midtsiden har fått sjå ein av rapportane Andreas har fått, og den unge osingen får fine tilbakemeldingar. Trenarane gir karakter 1 til 4 på over 20 faktorar, og over 75 prosent er toppkarakter for Kytiri (resterande er nest beste karakter).

«We cannot say that he improved technically because his level was already high, but what he does with the ball, his speed with and without the ball, commitment, stamina and ability to constantly make decisions on the attack and while defending is being fantastic» er blant tilbakemeldingane i den verbale delen av rapporten.

Fritid med fotball og by-besøk

Utanom skule og fotball blir det stort sett ... fotball.

– Vi har ein liten bane på skuleområdet, som eg òg bur på, så vi plar samla oss på banen i helgene og leika oss med ball eller spela små turneringar. I tillegg er det eit bra treningsanlegg her for styrke og mosjon.

– Eit par gongar i månaden tar vi oss ein tur til ein av byane i nærleiken. I januar var temperaturen ned mot null, vi ligg i eit område med fleire fjell, men no ligg det stort sett på 14-15 gradar, og sola varmar godt, så vi trener i tskjorte.

Det å bli kjent med ungdom frå andre verdsdelar er noko av det Andreas set stor pris på med opphaldet. Ein svenske er den einaste frå Skandinavia på ISM, utanom Andreas, og han er saman med to canadiarar og ein frå Hawaii blant dei Andreas heng mest saman med.

Kan bli oppdaga

Kvar tredje månad er Andreas heime i Noreg, og han skal heim igjen på ferie til påske. Opphaldet i Italia varer i utgangspunktet til midten av juni, med mindre noko skal halda fotballtalentet frå Os igjen.

«Talent identification Program», som Andreas er ein del av, blir nemleg besøkt av speidarar frå fleire større klubbar.

– I førre veke fekk eg beskjed om å skaffa med «italian residence permit», då det var nokon som ville i samtale med meg. Eg veit ikkje meir førebels, eg får ta det som det kjem. Inntil vidare gler eg meg over å vera her, og over dei sjansane eg får.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.