Lokal | 29. juli 2015

La 40 årsfeiring innom vegkroa

Midtsiden TV: Amcar Norway Cruise måtte sjølvsagt innom den amerikanske kroa på Røykenes på jubileumsturneen.

Andris Hamreonsdag 29. juli 2015 13:35

(Videoreporter: Ørjan Håland)

Bilhobbyorganisasjonen AMCAR blei stifta i 1975 og fyller i år 40 år. Det feirar dei med ein landsdekkande køyretur frå Lindesnes til Nordkapp. 30 stader i landet skipar dei til cruisingparty. I går kveld var over 150 Amcarar samla på og rundt festplassen i Bergen. Onsdag gjekk turen vidare til neste stopp på turnéen - Haugesund, men ikkje utan ein stopp innom ein ekte amerikansk dining på Røykenes.

– Det er kanonkult at dei ville stoppa innom her. Det er eit eventyr heile greia, strålar Linda Andersen på Er-An Veikro.

Merka av som ei severdigheit

Ho måtte sjølvsagt ta turen nedenom festplassen tysdag kveld då bilane sto opplina der.

– Det var utruleg kjekt og ei heil rekkje bilar eg aldri har sett før. Det var då eg òg fekk høyra at dei hadde merkt oss ut som ei av plassane det var verd å stoppa på vegen rundt i landet.

Nokre av bilane er med på heile turneen, mellomanna har organisasjonen to store trailarar (amerikanske sjølvsagt) som fraktar utstillingsbilar og utstyr frå stad til stad. Eit tjue - tredvetals bilar svingte innom på Er-An.

– Nokre starta faktisk turneen sin her. I staden for å køyre inn til Bergen kom dei hit og blei med karavanen vidare ned til Haugesund.

Det er ikkje første gong det var fullt av stilige amerikanske bilar på parkering framfor vegkroa. Mellomanna blei den amerikanske nasjonaldagen, 4. juli, behørig feira med fest og cruising frå Røykenes til Hegglandsdalen og tilbake.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.