Lokal | 11. sep. 2017

La du merke til desse tala?

Valet i Os: Høyre med vekst i berre 1 av 4 samanliknbare krinsar. Ap er større enn Frp i éin krins. Venstre går mest tilbake på Søre Neset og Nore Neset.

La du merke til desse tala?
Os rådhus. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. sep. 2017 21:50

Valresultatet frå krinsane i Os er publiserte.

Desse viser, som prognosane for heile landet, at regjeringspartia har gjort det godt, Senterpartiet har gått mest fram og Arbeiderpartiet har mista mange veljarar.

Her er nokre fakta, parti for parti, frå dei 6 ulike krinsane i Os.

Høyre
• Største parti i Os kommune samla sett.
• Best oppslutnad på Nore Neset (inkludert Strøno og Øyane) og Søre Neset.
• Går tilbake i 3 av dei 4 samanliknbare krinsane, har vekst berre på Søfteland.

Frp
• Nest største parti i Os
• Går fram samla sett og i 3 av 4 samanliknbare krinsar.
• Går verken fram eller tilbake i Søviknes sin heimkrins, Lysekloster

Ap
• Går kraftig tilbake, rundt 3 prosentpoeng i 3 av 4 krinsar.
• Opplever vekst i éin krins; Søre Neset (+ 0,2)
• Har best oppslutnad i Os nord, einaste krins der dei er større enn Frp.

Sp
• Veks mest av alle og aukar i alle 4 samanliknbare krinsar
• Har størst oppslutnad og mest vekst i Lysekloster (7,7/+3,7)
• Er 4. største parti i alle krinsar utanom Søfteland

Venstre
• Veks i 3 av 4 samanliknbare krinsar, men går samla sett tilbake i Os
• Går kraftig tilbake på Søre Neset og er nest svakast på Nore Neset, som inkluderer Øyane, der fleire brumotstandarar bur
• Gjer det best i Lysekloster valkrins med 6,2 %

MDG
• Veks i alle dei 4 samanliknbare krinsane
• Gjer det best i Os nord og Os sentrum, med 4,4 %

SV
• Veks i 4 av 4 samanliknbare
• Dobla oppslutnad både på Søre Neset og Lysekloster

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.