Lokal | 17. apr. 2018

La ned eigedomsskattutvalet

Oppretta i staden utval som skal sjå på all skatt, avgift og gebyr i Bjørnafjorden kommune.

La ned eigedomsskattutvalet
Det blei ein ny diskusjon om eigedomsskatt og andre avgifter då fellesnemnda diskuterte eigedomsskattutvalet måndag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 17. apr. 2018 07:59

Til protester frå delar av representantane frå Fusa oppretta fellesnemnda i desember eit utval som skulle sjå på korleis kutta eigedomsskatten i Fusa kommune.

Utvalet blei oppnemd med fire politikarar (Gustav Bahus (Frp), Nils Anders Nøttseter (MDG), Roger Hoel (uavh) og Gustav Folkestad (V)) og økonomisjefane i dei to kommunane, Ingrid Karin Kaalaas og Gunn Sissel Teigen.

Administrasjonen i habilitetsproblem

I fellesnemnda måndag foreslo utvalet sjølv at dei skulle bli avvikla i noverande form og i staden bli oppretta som eit reint politisk utval.

– Dette er viktig for administrasjonen, fordi vi hamnar fort i ein habilitetsdiskusjon. Dei to beste folka våre på dette er Ingrid Karin og Gunn Sissel, det er dei som sakførebur desse sakene og dermed blir dei inhabile når saka skal handsamast. Då blir det ein blanding av politikk og administrasjon. Det er uheldig om rådmannen sine folk skal vera med å stemme i ein politisk sak.

– I tillegg ligg det til utvalet sitt mandat å foreslå inndekning av bortfall av eigedomsskatten. Då er du fort i økonomisjefrolla igjen og du har habilitetsproblematikken igjen, forklarte rådmann Christian F. Fotland.

– Veldig merkeleg utval

Atle Kvåle (Ap) stilte spørsmål om det er behov for eit eige utval som berre skal sjå på avviklinga av eigedomsskatten i Fusa.

– No kan vi nytta anledningen til å få ei vurdering på om dette er den rette måten å gjera det på, kommenterte Kvåle som fekk støtte frå Mikael Leigland (Sp).

– Eg skjønner ikkje kvifor vi skal ha eit eigedomsskattutval som handlar om skattlegging av berre ein av kommunane. Vi i Fusa kan i neste kommunestyremøte fjerna eigedomsskatten. Os har inga mandat til å gjera noko med det vi tek for oss i Fusa. Dette er inntektsgrunnlaget for Fusa kommune, ikkje Bjørnafjorden kommune. Diskusjonar om framtida må kunne takast i fellesnemnda. Om det derimot var eit avgiftsutval som skulle sjå på harmonisering i både Fusa og Os på alle skatter og avgifter, så hadde det vore ein felles plattform å diskutera på. Eg tykkjer dette er veldig merkeleg.

– Synd å kasta det på båten

Marie Bruarøy (H) peika på at det faktisk var fellesnemnda som hadde satt ned eigedomsskattutvalet.

– Dei har no jobba litt i dette utvalet og dei har gjort eit djupdykk i økonomien til den nye kommunen. Vi er alle kjende med at det er eigedomsskatt i Fusa og ikkje i Os. Det var nettopp difor fellesnemnda satte ned utvalet. Fellesnemnda skal leggje fram eit framlegg til budsjett for det nye kommunestyret, då trur eg det er riktig å tidleg sjå på utfordringane. Det vil vera synd å kaste dette på båten.

– Men då tek du ikkje innover deg at det er eit Fusa-anliggende. Fusa kan fikse dette sjølv, svarte Leigland.

Vil sjå på fleire avgifter

Bjarte Samnøy (KrF) gjorde framlegg om at ein burde sjå på meir enn berre eigedomsskatten.

– Det hadde vore fornuftig å sjå på alle dei kommunale avgiftsreglementa og å bruke dette adhoc-utvalet til å sjå på det. Det er rart om ein berre skal ta eigedomsskatten, kvifor ikkje sjå på dei andre avgiftene også, undra Samnøy.

– Mykje av avgiftenen er på tenestenivå, tanken var at det kunne ligge til tenesteutviklingsutvalet, men det er ikkje noko i veien for at ein kan gjera justeringer i mandatet. Men litt av bakgrunnen var å prøve å involvere fleire i dette arbeidet vi held på med, svara Bruarøy.

– Hvis vi først skal ha adhocutvalet så burde dei sjå på skatter, avgifter og reglement. Dette er krevande stoff og noko vi foreslo sist, men ikkje fekk gjennomslag for, påpeika Kvåle før Helge Steinum (Ap) foreslo å reoppnemna utvalet, men å utvida mandatet.

– Det kan eg vera med å støtta. Eg har til dømes sett litt på tilknytningsavgifter. Dei er på omlag 29.000 kroner i Fusa, men nesten 90.000 i Os. Det er mykje arbeid som skal gjerast, til dømes om det skal soneinndelast. Det er mange ting å ta tak i, kommenterte Leigland før utvalet blei samde om å utvida mandatet til å gjelda skatt, avgift og gebyr på dei kommunale tenestene. Utvalet blei så reoppnemd, men kun med politiske representantar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.