Lokal | 30. nov. 2017

Lagar tiltaksliste for kunstgras

Kommunen lagar tiltakslister for å hindra at gummigranulat frå kunstgrasbanene spreier seg i naturen.

Lagar tiltaksliste for kunstgras
Tom Leonsen orienterte om tilskot frå spelemidlane og arbeidet ein gjer rundt granulat på kunstgrasbanene i kommunen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 30. nov. 2017 08:17

I tenesteutvalet onsdag orienterte koordinator for idrett og friluftsliv i kommunen, Tom Leonsen, om arbeidet kommunen gjer saman med idrettsrådet og idrettslaga for å drifta og vedlikehalde dei 10 kunstgrasbanene som er i kommunen.

– Idrettslaga får eit driftstilskot frå kommunen på 50.000 kroner for kvar 11er-bane og 30.000 kroner for kvar 7er-bane. Det har vore mykje fokus på bruk av gummigranulat i desse banene, sist i kommunestyret, og vi har hatt ein dialog med fylkeskommunen med korleis ein bør gjera dette.

– Det finst gode vegleiarar frå fotballforbundet på korleis handtere granulat. I samband med tilskotet kjem vi no til å laga eit skriv eller ein type handlingsplan, på korleis idrettslaga skal forhalde seg på forskjellige områder, fortalde Leonsen.

Ulike tiltakslister

Konkret vil handlingsplanen innehalde ulike tiltakslister ein bør ta omsyn til når ein skal byggje og drifte banene.

– Tiltak ved bygging av baner går på drenering og til dømes at ein etablerar kummer med sandfang som fangar opp granulatet.

– Nokre brøyter banene når det kjem snø om vinteren. Dette gjeld kanskje spesielt satsingsklubbane Os og Lysekloster. Der handlar det om ikkje å skubba granulatet ut av banen. Ein måte å gjera det på kan vera å gjera slik ein gjer eindel andre plassar, nemleg å legga ut presening ved sidan av banen. Når snøen forsvinn, så ligg granulatet att på preseningen og ein kan bruka det oppatt på banen. Det beste er eigentleg ikkje å brøyta.

– Ei anna utfordring med brøyting er at du får ei høgre slitasje på banen og må rehabilitera den fortare enn ellers. Skal du rehabilitere ei bane så kostar det fort 2,5 millionar kroner.

– Det siste gjeld den daglege driften. Granulat rundt banen ser ikkje spesielt fint ut. Ein bør kosta dette opp og få det i eigne behaldarar som gjer at du kan tilbakeføre det til banen, eller få tatt hand om det på ein god måte hjå BIR. Det viktigaste er å halde granulatet inne på baneområdet, påpeika Leonsen som fortalde at idrettslaga vil få ein frist til 1. april 2018 på å koma med sine lokale tiltakslister.

Vil nytta kompetansen

Osbadet sit på god kompetanse når det kjem til drift og vedlikehald av kunstgrasbanene.

– Vi hadde eit fellestiltak gjennom Osbadet for nokre år siden. Dei har ekspertisen, og den må vi nytta oss av. Då idrettslaga skulle fylle på granulat så gjekk ein saman og gjorde dette samstundes. Det viste seg at det ikkje var så mykje som måtte fyllast på, så det blir gjort mykje bra allereie.

Koster meir

Gisle Hesjedal (Ap) lurte på kor miljøskadeleg granulatet som nyttast eigentleg er, og kor mykje dyrare det ville vera å nytta meir miljøvenlege variantar.

– Den typen som er mest brukt er den som har mest miljøgifter i seg. Ei undersøking i Akershus viste at 85% av banene nytta denne. For dei fleste granulattypane så er det mikroplast som kan spreie seg til naturen. Denne typen har i tillegg sink og andre stoffer i seg. Det er dette miljødirektoratet og NFF ser på og er inne og vurderer. Vi følgjer heile tida med på kva tilrådingar som kjem derfrå.

– Gjennom våre tiltak og anbefalingar prøver vi å unngå at det spreier seg ut i naturen. Kostnaden ved å nytta meir miljøvenlege variantar vil nok auke med 3-400.000 kroner per bane, difor er det viktig at vi fokuserer på å halde granulatet på banane og ikkje utanfor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.