Lokal | 16. juni 2017

Lagde nye «skilt» og køyrde vidare

Det utanlandske paret let seg ikkje stoppa av avskilta bil.

Lagde nye «skilt» og køyrde vidare
Her ved vekta blei bilen stoppa. Bilane på bildet har ikkje noko med episoden i går å gjera. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. juni 2017 09:23

Torsdag formiddag blei ein varebil som køyrde på Halhjemsvegen stoppa av politiet på Ytre Moberg, på busshaldeplassen ved Kuvågen retning Bergen.

Grunna overlast og tekniske manglar blei bilen avskilta.

– Eg såg politiet stoppa bilen då eg køyrde mot Halhjem. På veg inn igjen såg eg bilen var flytta til vekta på motsett side, og der sat ein utanlandsk mann og ei dame og tusja seg nokre nye bilskilt på nokre papp-plater.

Dei heimelaga kjennemerka blei sett på bilen, som køyrde i retning Halhjem igjen. Vitnet varsla politiet, som då var på veg til Bergen. Då patruljen kom til staden var bilen vekke.

– Bilen hadde køyrd om bord i ferja til Våge og blei stoppa då den køyrde i land på Tysnes, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Det blei tatt beslag i førarkortet til den kvinnelege sjåføren. Ho blir meldt for fleire forhold, blant anna dokumentfalsk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.