Kultur | 07. juni 2015

Lager amcar-parade 4. juli

Med Lothepus på scenen og 70 amcars i parade gjennom Os lager Er-An Veikro ei feiring utanom det vanlege.

Lager amcar-parade 4. juli
Med pynt frå USA, Lothepus på scenen og 70 amcars i parade til og frå Røykenes lager Er-An Veikro ei saftig feiring av 4. juli. (Foto: KVB/privat/pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 07. juni 2015 19:27

Bildeserie:

Os Amcar Club samlast på Er-An annakvar onsdag. (Foto: KVB)
Os Amcar Club samlast på Er-An annakvar onsdag. (Foto: KVB)
På kvelden laurdag 4. juli speler Lothepus på Røykenes. (Pressefoto)
På kvelden laurdag 4. juli speler Lothepus på Røykenes. (Pressefoto)
Hanne Catrine Andersen har handla pynt - i L.A.! (Privat foto)
Hanne Catrine Andersen har handla pynt - i L.A.! (Privat foto)
1 av 3
Os Amcar Club samlast på Er-An annakvar onsdag. (Foto: KVB)
På kvelden laurdag 4. juli speler Lothepus på Røykenes. (Pressefoto)
Hanne Catrine Andersen har handla pynt - i L.A.! (Privat foto)

Rockabilly-kroa på Røykenes er, med jukebox, gitar-bar og amcar gjennom veggen, i seg sjølv ein hyllest til den amerikanske kulturen.

Dei har feira på amerikansk vis før, med cowboyfest, drive-in-kino og sangkonkurransen up and coming. Men den amerikanske nasjonaldagen har aldri blitt markert så tydeleg på Er-An Veikro som den blir 4. juli i år.

– Saman med Os Amcar Club, som er faste gjestar her, arrangerer vi parade frå Røykenes, gjennom Os, innom Hegglandsdalen for å snu ved Lien-fabrikken og kjøra tilbake til oss, seier Linda Andersen.

– Etter cowboyfrukost frå formiddagen av kjem vi til å fylla E39 med 70 amcars på vegen. Førarane og passasjerane håper å sjå mange osingar langs Byvegen, Hatvikvegen, Hegglandsdalsvegen og i Os sentrum mellom klokka 12 og 13 denne dagen.

Eirik syng nasjonaldagen

Tilbake på Røykenes skal bilane stillast opp på parkeringsplassen til vegkroa.

– Vi har berre 70 plassar, men har sikra oss 20-30 på motsett side av vegen. I tillegg har vi fått låna Betonggulv sin parkeringsplass nær fotballbanen Stilvoll, som er supert for dei som vil parkera og spasera, gjerne mens paraden glir forbi, for så å koma bort til oss og sjå nærmare på bilane.

Det blir også eigen skyttelbuss mellom Betonggulv og Røykenes, Andersen-familien sin eigen Keep on Rockin'-buss.

Vegkroa blir utvida med eit telt på 240 kvadratmeter. Der blir det rigga scene, og når paraden er tilbake skal Eirik Strønen Søfteland synga den amerikanske nasjonalsangen før fusas store countryhåp, Haavard Skaatun, overtar scenen.

Lothepus til Os

Det blir amerikansk mat og stemning midt på dagen, saman med show med cheerleadarar frå Bergen, og endå meir fest på kvelden .

– På kvelden kjem Mighty Magnolias (frå Os og Fusa) og Blue Note Shuffle. I tillegg har vi booka Lothepus frå Fjorden Cowboys, fortel Linda, som legg ut billettar for sal i morgon.

Den populære skytebasen Leif Einar «Lothepus» Lothe er aktuell med albumet «Cowboyhjarta».

– Kjem bilar frå fleire klubbar

Os Amcar Club, som er 20 år i år, tel over 100 medlemmar.

– Tidlegare hadde vi samlingar ved Os ungdomsskule og Os vgs før cruising. Så kom denne kroa her. Vi var spente, men familien Andersen innfridde. Gongar ti! seier Jarl Henning Hetleflåt.

Annakvar onsdag er gjengen samla for middag. Så tar dei ein cruisetur før dei kjem tilbake for ein softis og kaffi.

– 4. juli kjem det bilar frå både Os, Askøy, Nordhordland, Bergen og Stord. Eg håper det blir parkeringplass til alle som vil vera med, men vi må ta imot påmelding så vi har kontroll, seier leiar i klubben, Frank Hetleflåt.

I årets 17. maitog i Os sentrum fekk klubben ENØK-pris fordi dei berre stilte med tre bilar i hovudprosesjonen. 4. juli er det andre ting det handlar om.

– Vi gler oss veldig til å kjøra så mange i lag. Det blir ekstra kjekt om det blir fint vêr og om det står folk langs vegen når vi kjem.

Med pynt frå amerika

Mens Linda, trass det kalde og våte vêret, har hatt ein rekordgod vår på Er-An Veikro, er medeigar og dotter Hanne Catrine i Los Angeles for å studera skodespelarfaget.

Men denne gong kan dottera hjelpa til med sjappa heime på Søfteland.

– Eg har sendt Hanne på handletur og ho har pakka ei stor øskja med amerikanske flagg og anna pynt til 4. juli.

Linda har også på plass ein kokk frå Santa Barbara, med eigen BBQ-burger. Samuel Adams, eit populært øl frå USA, er også på plass i hyllene.

– Vi skal gjera det så amerikansk som mogleg, lover Linda Andersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.