Kultur | 25. sep. 2014

Lager Idol-vake for Fredrik

– Fredrik har allereie nådd langt, men går han vidare gjennom nålauget onsdag så får vi osingar ein ekstra kjekk haust, seier Michael og Kjetil om Fredrik Dahle Kristiansen.

Lager Idol-vake for Fredrik
Michael Hansen og Kjetil Osablod Grønvigh (t.h.) er klar for Idol-vake for Fredrik (innfelt). (Foto: KVB/TV2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. sep. 2014 20:29

Laurdag var Idol-deltakar Fredrik Dahle Kristiansen frå Søfteland med og opna ny musikkbinge på Nore Neset, tre dagar før tok han seg vidare til semifinale i Idol.

– Mens Eirik var eit kjent ansikt for mange i Os då han deltok i fjor, har Fredrik kome som ein underdog, luskande ut frå musikkbingen på Søfteland og rett på scenen.

– Han har imponert og han har allereie kome langt, men klarer vi å stemma han fram til topp 2 av dei 8 i semifinalen onsdag så får vi også i år følgja ein osing i finalerundane som kjem, seier Kjetil Osablod Grønvigh frå Os Rockeklubb.

Som Eirik Søfteland i Idol og Torkjell Rød i Det store korslaget har mister Osablod gjeve ei Os Rock City-tskjorte til tv-ansiktet Fredrik.

Han har også tatt initiativ til Idol-vake under semifinalen onsdag 1. oktober.

– Gode erfaringar frå i fjor

Etter semifinale-vake i klubbhuset på Kuventræ, der det var fantastisk stemning då Eirik gjekk vidare, tok rockeklubben vake etter vake på Solsiden i finalerundane.

– Det varierte frå ungdomar til småbarnsfamiliar på vakene vi hadde i fjor. Dei som hadde ungar med seg gjekk gjerne heim i pausen klokka 21, mens andre koste seg saman utover kvelden, også finalekvelden, trass i den for mange overraskande andreplassen, seier Michael Hansen frå Solsiden.

– Vi har to store lerret og fleire skjermar, også utandørs, og viser både fotball og Idol onsdag frå klokka 20. Dei som vil ta kveldsmaten her kan kjøpa pizza eller anna snadder, ring gjerne og bestill bord, oppmodar han.

– Det er fantastisk om Fredrik går vidare onsdag og ekstra kjekt å oppleva slike ting saman. Vi lagde vake for Eirik og eg håper verkeleg at osingane har fylt opp sms-budsjettet sitt etter i fjor, vi er jo heldige som får sjå sambygdingar på skjermen år etter år, seier Kjetil.

Her er alle deltakarane (sjå bilde) i Fredrik sin semifinale:
Charlotte Sally Aleah Johansen - «Stay», Rihanna
Ingrid Johansen - «Use somebody», Kings of Leon
Jessa Gunnarsen - «The prayer», Andrea Bocceli & Celine Dion
Jørn Trollebø Kvalheim - «Where do my bluebird fly», The Tallest Man On Earth
Fredrik Dahle Kristiansen - «Sexy and I know it», James Arthur
Ramón Torres Andresen - «Love Runs Out», One Republic
Sophie Strøm - «Heaven», Emili Sandé
Tara Lill Flåten Nicolaisen - «Put the gun down», ZZ Ward

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.