Kultur | 21. aug. 2017

Lager moteshow på Borgafjellet

– Eg er litt inspirert av Tysnesfest, innrømmer Jeanett Borgen Kallekleiv.

Lager moteshow på Borgafjellet
I april gav ho blaffen i catwalk og køyrde mobilt moteshow i gatene i Os sentrum. Laurdag blir det moteshow på toppen av Borgafjellet. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 21. aug. 2017 19:40

Bildeserie:

Jeanett driv butikk og nettbutikk. Laurdag tar ho utvalet med til fjells.
Jeanett driv butikk og nettbutikk. Laurdag tar ho utvalet med til fjells.
Frå moteshowet på Kuventræ søndag.
Frå moteshowet på Kuventræ søndag.
1 av 2
Jeanett driv butikk og nettbutikk. Laurdag tar ho utvalet med til fjells.
Frå moteshowet på Kuventræ søndag.

Under Vårsleppet i Os sentrum i april stilte butikken Borg Vêr, som opna i fjor haust, med vandrande moteshow og medbragt musikk rundt i gatene.

Søndag, i pausen mellom Os og Lysekloster på Kuventræ, viste same butikk haustmoten med 15 modellar.

– Moteshowet på Kuventræ kom brått på, moteshow på Borgafjellet (353 moh) har eg hatt plan om lenge, fortel innehavar Jeanett Borgen Kallekleiv.

Ideen er ikkje berre inspirert av eige mellomnamn og firmanamn, men av festivalen i nabokommunen over fjorden.

– Eg har sans for korleis Tysnesfest bruker heile øya, også Tysnessåta. Den første fjellkonserten visste eg ikkje om, men eg har vore på alle dei neste.

Fjolls til fjells?

Jeanett, som kom frå sportsbransjen då ho starta sin eigen butikk, ler litt når ho prøver å sjå for seg korleis det blir å ha moteshow på fjelltoppen nærmast Os sentrum.

– Eg sel jo regnklede, men i hovudsak er jo antrekka betre eigna for ein kinotur enn ein fjelltur. Men det er ikkje sport eller friluftsliv det skal handla om, eg vil berre laga eit arrangement i nye omgjevnadar.

– At det blir kontrastfylt å sjå mote frå gata på platået på Borgafjellet håper eg berre kan gjera opplevinga meir underhaldande.

Snadder og konkurransar

Moteshowet blir arrangert rundt lunsjtid laurdag.

Ho har ikkje peiling på om folk vil koma for å sjå på, men seier det som er av publikum både er med i trekning av fleire gåverkort og skal få vera med å stemma på antrekket dei liker best. Ein av dei som stemmer vinn nettopp antrekket dei har stemt på.

– Vi tar med oss modellar, antrekk, litt snacks og noko musikk. Modellane får gå med sine eigne sko, så tar eg heller skoa som vi sel i butikken og lager ei lita utstilling av på fjellet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.