Næringsliv | 09. apr. 2013

Lager ny Hamnehage

Interessa var stor i starten, men så blei det stille. – Vi omprosjekterer og er kanskje klar med nytt prospekt til sommaren, seier Øyvind Tøsdal på Bygg Concept AS.

Lager ny Hamnehage
Hamnehagen skal no teiknast på nytt, med minst 43 husvære, men 3-4 ulike typar, i staden for 11 som dei starta med. (Ill. Abo plan og arkitektur)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 09. apr. 2013 06:45

Det er høg plan- og byggeverksemd rundt Os hamn, men ikkje alt blir selt like lett.

Medan Os Sjøfront i skrivande stund har selt 84 av 86 hus i fire blokker på Mobergsneset og Leigland sitt "Solsio" selte 8 av 20 før lansering før helga har det stoppa opp for Hamnehagen, Bygg Concept sitt prosjekt med 43 leilegheiter ved nedste del av Oselvo.

– Vi selte 11 så og seia med éin gong og var på det meste oppe i 16. Men så stoppa det opp, i tillegg var det to som trekte seg då det drøya med byggestart, seier dagleg leiar i Bygg Concept AS, Øyvind Tøsdal.

Han måtte hatt 22 kjøparar på blokka for å koma i gang med bygginga på tomta bak Eldresenteret i Hamnevegen.

Høg kvalitet - men ikkje låg nok pris

Tøsdal trur uheldig timing kombinert med litt høg prisklasse gjorde at salet ikkje blei godt nok i Hamnehagen.

– Os Sjøfront var i innspurten og prosjektet var jo i gang, det gjorde nok konkurransen ekstra hard, sjølv om vi hadde lågare kvadratmeterpris, passivhus-standard og Husbank-finansiering.

– Og så ser vi at folk går på pris. Uansett kva kvalitetar du puttar i eit prosjekt gjeld det å treffa med prisklassen, ikkje berre ha høg kvalitet og god kvadratmeterpris.

Fleire hus og færre typar

Bygg Concept vil no teikna eit heilt nytt prosjekt.

– Det blir minst like mange husvære, reguleringsplanen opnar for 45. Og så vil vi teikna inn så vi kan dela det i tre byggetrinn.

Det er også opna for færre parkeringsplassar, frå 82 til 72, noko som også vil vera med på å få prisen ned. Felles naust med bodar for kjøparane utgår også.

– I Hamnehagen hadde vi 11 ulike typar leilegheiter, no går vi ned til 3-4 typar.

Kan bli klar til sommaren

Før helga sendte Bygg Concept ut brev til kjøparane der dei blir løyste frå avtalen.

– Vi ønskjer alle velkomen tilbake når vi har noko nytt å selja, men ville fristilla alle no når Leigland kjem i Hamnevegen med sitt prosjekt, i tilfelle nokon har hastverk og vil inn der.

Bygg Concept ønskjer å koma raskt i gang med omprosjekteringa og håper å ha det ferdig godkjent innan 17. mai.

– I så fall kan vi starta salet på nye Hamnehagen før sommaren, viss ikkje får vi venta til over sommaren. Men vi har det ikkje travelt, marknaden for gode hus nær sentrum, elva og sjøen vil no alltid vera der, seier Øyvind Tøsdal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.