Kultur | 18. apr. 2017

Lager ny tur frå Os til Mods-konsert i Stavanger

Eigarane av MS Midthordland, MDS, har to gongar tidlegare spedd på inntektene med innleigd og utselt hurtigbåt til populære konsertar.

Lager ny tur frå Os til Mods-konsert i Stavanger
Mods på 80-talet. (Faksimile frå best of-albumet «Gje meg litt merr!», 2006)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 18. apr. 2017 07:51

Gjenforeningskonserten «Ein gang te!» med Stavanger-bandet Mods, som på 80-talet kom med låtar som «Tore Tang», «Meg må du hilsa på (Du e mislykka)» og «Me to går alltid aleina», overraska alle då dei selte ut Viking Stadion (ca 25.000) i 2012.

Også musikkmeldar «Engelen» i BT blei tatt på senga og tatt på ordet, så han måtte gå til fots til Stavanger for å dekka konserten.

Delar av publikummet kom frå Os, Fusa og Tysnes med båt, chartra av Det Midthordlandske Dampskibsselskab, eigarane av blant anna MS Midthordland.

– Både turen til Mods i 2012 og til Robbie Williams i Stavanger i 2013 blei utselt. Dette har vore gode inntektskjelder til reieriet, seier Helge Andersen hos MDS.

Fem stopp mellom Bergen og Stavanger

Då det blei sett opp ny Mods-konsert på Viking Stadion 17. juni i år, «Fem år e gått!», var MDS raske med å sikra seg billettar nok til ein full båt.

– Konserten blei utselt på kort tid. No er det sett opp éin til dagen før, men det er 17. juni vi reiser.

MDS har hyra inn Tide sin båt, «Admiralen», og byr på 250 sete med konsertbillettar. Avreise er frå Bergen klokka 11.45 på formiddagen, med stopp i Os, Venjaneset, Våge, Sunde og Leirvik før ankomst Jåttavågen, fem minutt å gå frå Viking Stadion, klokka 18.00.

– Lang dag og kjekk tur

Retur frå Stavanger er klokka 23.20 og ankomst Os er 03.35 (Bergen 04.35), men det har vore nokre fantastisk kjekke turar.

– Det blir ein lang dag. Men vi har skjenkeløyve om bord og det har vore god stemning heile vegen.

– Heim igjen er dei fleste nøgde og trøytte. Det plar vera MDS-medeigar Arne Halhjem som er skipper på turane, og han er flink til å køyra på folk som er på fest.

Før påske var det selt 62 av 250 billettar til turen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.