Kultur | 27. juni 2017

Lager opningsfest for takterrassen

Takterrassen på Torget har fått eige namn. Med levande musikk, sjømatbuffet og nyutdanna barsjef blir det offisiell opning til helga.

Lager opningsfest for takterrassen
Trubadur Leif Østrem frå Face2Face og barsjef Ørjan Angermund Sygnestveit håper sola skin på taket også laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 27. juni 2017 19:48

Leif Østrem og Trond Pedersen i Face2Face står for musikken når Havnechefen laurdag køyrer offisiell opning av takterrassen sin.

– Vi har spelt saman i 25 år no. Det går framleis i coverlåtar, frå 60-talet til nyare musikk, kanskje drar vi òg ein låt av Stavangerkameratane, seier Leif.

Det eine bordet blir rydda vekk for å gje rom til dei to trubadurane og det kraftige anlegget dei har med seg.

Takterrassen har dessutan fått eige namn, eit namn som er forma av gjestane. Ein servitør snappa opp at ein gjest på taket fortalde til ein ven på telefon; «vi sit på Svano».

Dermed blei «Svano» namnet på takterrassen, eit namn som fint refererer til ein roleg versjon av den småhissige knoppsvana som restauranten har tatt namn etter.

Frå Kos til Os

Barsjef Ørjan Angermund Sygnestveit var innom Havnechefen dei første vekene etter opning i slutten av april, så gjekk turen til kurs på den greske øya Kos.

Ørjan er frå før utdanna kokk og hovmeister, no har han vore fire veker på European Bartender School.

– Det var omfattande og veldig lærerikt. Det handla naturlegvis ikkje berre om oppskrifter, men om effekten av is, om rekkefølge på ingrediensar, om risting og røring, seks timar dag i ein månad.

– Dette med effekten av bruk av is i forhold til smak, og kva ingrediensar som passar godt i lag, var noko av det som overraska meg.

Ørjan kom heim i førre veke og held no på å laga eit eige drinkekart til restauranten. Han lover å lansera minst éin ny på taket laurdag.

Grunna bekrensa kapasitet blir det selt billettar til arrangementet på taket, mens restauranten og uteserveringa på gateplan blir open som vanleg. Billettane inkluderer buffet av sjømat og spekemat, og måltidet blir ettefølgd av levande musikk utover kvelden.

– Vi har selt 20-30 av 80 billettar på éin dag, og vêrmeldingane ser ikkje så verst ut. Etter at maten er rydda vekk er det ope og gratis for alle, så sant det er plass på taket.

Svano må ha kontroll på måsane

Havnechefen fekk utvida frå 48 inne og 72 ute på gateplan med 90 nye plassar på taket då terrassen sto klar til 17. mai. Etter nokre fine dagar i mai kom 26 dagar på rad med regn, likevel er folk raske med å setja seg på taket så snart det er opphaldsvêr.

– På dagar der vi ikkje har bemanning på taket har vi tidlegare sagt at gjestane kunne ta med seg maten opp, om dei ville. Det har vi måtta kutta ut, for måsane er lynraske med å rota i restane om ikkje det blir rydda umiddelbart etter at gjestane har gått frå bordet, fortel dagleg leiar Reidun Vasby.

– Gjestane kan, om dei vil, ta drikke med seg på taket, men mat på Svano blir berre dei dagane vi har bemanning også på taket. Dette annonserer vi på facebooksidene våre, men blir òg tydeleg å sjå når du kjem her som gjest.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.