Kultur | 19. sep. 2012

Lager pianobar

Oppstart av fotballpub har gjeve Sagstad meirsmak på satsing, no blir det tapasrestaurant og pianobar på Solsiden.

Lager pianobar
Kokken Dag Bøe har no fått selskap av to erfarne jenter, Stina Herbert Fjetland og Emma Höglin. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 19. sep. 2012 20:26

I september starta Tore André Sagstad fotballpub i Iris Bar og Spiseri. Tilbodet er allereie godt mottatt og no utvidar han vidare i naborestauranten.

– Vi har gjestar som er flinke til å koma med tilbakemeldingar, og om vi ikkje kan ta omsyn til alt, så har vi justert oss ein del etter folk sine ønskje. Vi kjem til å halda på menyen vår, som blant anna er utvida med biff, som mange sakna, men no utvidar vi kraftig med tapas, fortel Tore André.

– Vi hadde tapas frå før, men det var berre ein tallerk med eit bestemt utval smårettar. Den selte godt, men ikkje alle var nøgd, så no blir det bokstavleg talt nye bollar.

Erfarne jenter

Med seg på restuaranten Solsiden i Irisgården har han fått Stina Herbert Fjetland, som nyleg har flytta heim til Os frå Arendal, og venninna Emma Höglin.

Stina har erfaring som hovmeister på Strand Hotell Fevik og frå tapasrestauranten Kaos og Tapas. I tillegg har ho jobba på Big Horn saman med Emma.

Dei to har selskap av kokken Dag Bøe på Solsiden.

Inn med flygelet

Det tidlegare Dolly Dimples-lokalet får ikkje berre ein smaksrik omstart frå 1. oktober, no blir det også live-musikk.

– Eg vil prøva noko nytt og fann fram eit telefonnummer frå tida eg jobba på Sachariasbryggen. Ein av dei beste pianoenterteinarane vi hadde der, CJ Marvin, blir no anvarleg for å kjøra pianobar på Solsiden utover hausten.

Første helg med pianobar blir 19. og 20. oktober.

– Planen er å ha pianobar fem helger før jul. Får vi plass så tar vi flygel inn i restauranten, viss ikkje blir det piano. Litt meir liv skal det uansett bli, trur Sagstad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.