Kultur | 14. mai 2017

Lager spelefilm på eige manus

Hanne Catrine Andersen sit ikkje stille etter filmskule i L.A. No blir det casting i Oseana og innspeling i Kvam.

Lager spelefilm på eige manus
Hanne Catrine «Hannah» Andersen på kjøkkenet på garden der ho i juli skal ha 14 dagar med innspeling. (Foto: Raggsokk Productions)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 14. mai 2017 18:58

Etter filmskule i Los Angeles i 2015 var Hanne Catrine Andersen i fjor tilbake i USA med arbeidsløyve og jobba fulltid i filmbransjen.

No har ho vore heime i Fusa og på jobb på Er-An Veikro i Os sidan i haust, men det har framleis gått mykje i film. I mars i år blei ho nominert til skrekkfilm-pris for ei av kortfilm-rollene, no tar ho steget vidare som både manusforfattar, produsent og hovudrolle i sin eigen spelefilm.

– Eg fekk tidleg mål om å laga ein spelefilm, og søkte ei stund etter manus då ein kamerat spurde kvifor eg ikkje skreiv noko sjølv. Det har eg no gjort. Eg starta å skriva på seinsommaren i fjor, og har skrive 90 sider. Det skal tilsvara 90 minutt.

– Eg har testa manuset på åtte ulike korrekturlesarar og det er 11. utkast det no blir film av.

Drama på nedlagt småbruk

Filmen, som har tittelen «Young and alone», skal spelast inn i Kvam, Os og Bergen i juli. Regissør kjem over frå USA, og er ei kvinne Hanne Catrine har jobba med på ein film før. Dei fire hovudrollene går til Hanne, kusina Isabel Furhovde og to skodespelarar frå USA. 10. juni er det casting i Oseana for yttarlegare åtte roller.

– Vi treng både born og vaksne, den yngste kan vera 6 år, den eldste 60, seier Hanne Catrine, som snart lyser ut skildring og klokkeslett for castinga.

Mesteparten av handlinga er lagt til familien sitt nedlagte småbruk i Kvam, litt sør for Mundheim. Her blir det 14 dagar med innspeling i juli, så kjem 5 dagar i Os og éin dag i Bergen.

– Garden, som mamma og pappa har arrangert ein privat minifestival på dei siste somrane, eignar seg godt for 20 overnattingsgjestar.

– I Os blir det innspeling både på Øyro og på kroa på Røykenes, før vi tar ein dag i Bergen.

Sorg og samspel

Hanne Catrine legg opp til eit drama i manuset sitt. Filmen skal handla om to søstre som har vakse opp hos bestemor. Då bestemora døyr får dei mykje å setja seg inn i. Dei får hjelp av to venar som kjem over frå USA. Samtidig opplever dei sorg og sakn.

– Det blir både lette scenar og ein visuelt fin film, men med sorg og det å ikkje opna seg for andre som tema. Eg trur det er ei universell handling som mange kan kjenna seg igjen i. Historia er karakterdriven og vil krevja mykje av skodespelarane.

Å hoppa i det

– Å laga ein spelefilm er vel noko filmfolk går og drøymer om i årevis. Korleis kan du ta på deg denne oppgåva på strak arm, med både manus, produksjon og ei av hovudrollene?

– Med KUP-midlar, fleire som stiller opp med tenester og varer til låg pris eller sponsa støtte, og eit godt nettverk i bransjen, så kan dette gjennomførast utan at det blir for kostbart.

Hanne har laga sitt eige selskap, Raggsokk Productions AS, som i mars fekk 30.000 kroner i støtte.

– Det er likevel ambisiøst. Har du arva motet til mor, som gjekk frå ei pølsbu med ei lånt steikepanne til å bygga ein restaurant som får riksdekkande omtale og merksemd?

– He, he, det kan du seia! Eg har kanskje det. Men eg trur òg at mange berre går og ventar og ventar. Eg byrja med kva eg har av location og idear, og skreiv manus etter dette.

Hanne Catrine nemner spesielt Linda Bolstad, produsent i Duo Film, som god støtte, som ein mentor, og Varde som velvillig låner ut utstyr. Det er Armstrong Lian hos Pandora Film, som og filma Hanne sin kortfilm The Chase (manglar lyddesign og har ikkje hatt premiere), som har fotoansvar for filmen.

Jobbar vidare med finansiering og vising

Mens dato for både casting og innspeling er på plass, held Hanne Catrine fram med å søkja om midlar til prosjektet.

– Nokre kostnadar blir det uansett, mens dei fleste involverte er med som eit arbeidskreditt-prosjekt. Får vi inntekt så blir pengane delt etter avtalt modell, får vi ikkje så var innsatsen gratis.

Filmen skal vera klar i mai 2018. Hanne Catrine jobbar med å få den inn på enkelte norske kinoar, og har allereie plan om fire feiringar.

– Det blir event i Os, Los Angeles, Oslo og i Nederland når filmen er ferdig. Handlina er lagt til 2002, for å styra unna at alle sit på mobilen. Det krev antrekk frå den tida, og kostymedesigneren er frå Nederland. Ho lager ein stor 90-talsfest når filmen er klar. Då blir det både feiring og screening av filmen før premiere på dei festivalane vi får den inn på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.