Sport | 02. mars 2017

A-laget lager show for dei eldre

Os Fotball gjentar suksessen frå 2016 og utvider med konsert og standup i Os Eldresenter.

A-laget lager show for dei eldre
Hassan El Fakiri fortalte om førebuingane til sesongstart i fjor. I neste veke er han tilbake i Os Eldresenter. (Skjermskot frå video, foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 02. mars 2017 08:27

– Vi ønskjer å sjå fleire eldre på Kuventræ. Fleire av pensjonistane i Os har vore publikum då Os spelte på øvste nivå, ein av dei eg møtte i fjor var del av eit av dei beste laga Os har hatt, seier dagleg leiar i Os Fotball, Endre Brenne.

Os Fotball deler ikkje berre ut gratis sesongkort til alle i Os Pensjonistforening, dei spanderer show og mat på dei som kjem på årets fotballkveld, som i år landa på kvinnedagen 8. mars.

– Det er gratis og det ope for alle, ikkje berre medlemmar av pensjonistforeininga, understreker Endre.

Sjå video frå fotballkvelden i eldresenteret i 2016

– Eirik Søfteland og Olav Skorpen sa ja på strak arm og blir med og held ein liten konsert. Ein annan lokal helt, komikar Jon Hægland, køyrer standup. Begge delar er nytt i år og vi er takksame for velviljen desse artistane viser.

Som i fjor blir det presentasjon av A-laget, både herrar og damelaget, åresal, quiz - og servering av mat på idrettslaget si rekning.

– Eg var veldig spent på om det i det heile tatt ville koma nokon i fjor, og så blei vi over hundre. Os Turn er det største idrettslaget i bygda, og ein viktig samfunnsaktør. At vi i samarbeid med Os Pensjonistforening får tettare band til dei eldre, fleire av dei er sikkert besteforeldre eller oldeforeldre til nokre av spelarane våre, synest vi er veldig hyggeleg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.