Sport | 24. mars 2015

Landar truleg på 4. plass

Handballherrane til Os avslutta sesongen med siger. Hadde dei ikkje vegra seg ville dei truleg, trass 4. plassen, fått eit kort opphald i 3. divisjon.

Landar truleg på 4. plass
Jørgen Wold og Trygve Lerch Dahl (i bakgrunnen) haustar ros etter siger i serieavsluttinga. Her i heimekamp mot Eid. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 24. mars 2015 11:53

Søndag spelte Os siste serierunde på bortebane mot tabelljumbo Sotra 2. Os stilte med litt tynt mannskap, men vann med seks mål.

– Vi hadde kontroll frå første kast, leia 12-14 til pause og hadde ein fantastisk førstehalvdel av andre omgang, der vi på det meste leia med 10 mål, fortel trenar Kenneth Husebø.

Kampen enda med siger til Os, 27-33.

– Best i årets siste kamp var Jørgen Wold og Trygve Lerch Dahl, meiner Husebø.

Best i starten av sesongen

Etter at Os har spelt alle dei 18 serierundane står dei med 10 sigrar, 1 uavgjort og 7 tap, 5 av tapa kom etter nyttår.

– Jobb og parallellsatsing på fotball hos enkelte spelarar har gjort at vi ikkje avslutta like godt som vi starta. I haust var vi mange på trening og presterte godt i kamp. Etter nyttår har det ikkje vore heilt det same.

Os slo for eksempel Gloppen med 5 mål i haust, men tapte med 13 (!) i februar.

Kunne gjort comeback i 2. divisjon

Os ligg no på 4. plass på tabellen, 2 poeng bak Kjøkkelvik 2, 3 poeng bak Norrøna og 6 poeng bak serievinnar Viking 2.

Os ligg berre 2 poeng framfor laga på 5. og 6. plass, Gloppen og Stryn.

Stryn er blant laga som ikkje har spelt ferdig serien. Om dei vinn over BI og taper for Viking 2 vil dei likevel ikkje klatra forbi Os, trass betre målforskjell. Os er nemleg best på innbyrdes oppgjer mellom dei to.

Om Os tar 4. plassen er dei i posisjon til å rykka opp, då Norrøna har vegra seg og Kjøkkelvik 2 ikkje kan rykka opp (då førstelaget er i 2. divisjon). Viking 2 kan rykka opp om deira førstelag vinn kvalifisering til 1. divisjon. Då står det éin ledig plass igjen.

Os vil ikkje opp

Men også Os har, før fristen gjekk ut, vegra seg mot opprykk.

– Vi har godt nok mannskap til å rykka opp. Men det spørs kva gutane vil, kor mykje dei har kapasitet til å delta sesongen sett under eitt.

– No gler vi oss over ein sesong med mange gode resultat, der fleire unge spelarar har fått mykje erfaring på seniornivå. Så skal vi samlast og prata om sesongen som kjem, seier Kenneth.

Om Stryn vil rykka opp må dei ta tre poeng i dei to neste kampane, for det er berre laga ned til 4. plass som får tilbodet om dei betre laga ikkje vil til ny divisjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.