Lokal | 10. sep. 2017

Landslag og skrytelister

Miljø og det grøne skiftet blei det mest muntre temaet under paneldebatten til Os Næringsråd.

Landslag og skrytelister
Harald Lekven (Sp), Knut Børgesen (MDG) og Glenn Erik Haugland (Venstre). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 10. sep. 2017 19:13

Onsdag var det paneldebatt i regi av Os Næringsråd.

• Les òg: Svakt oppmøte - sterke debattantar

Debattantane: Jan Helge Corneliussen (TvS), Magne Rommetveit (Ap), Harald Lekven (Sp), Knut Børgesen (MDG), Glenn Erik Haugland (V), Pål Krabø (KrF), Ove Trellevik (H) og Espen Aspenes (Frp).

Før debatten starta fekk olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) halda eit innlegg.

• Les vårt referat frå innlegget

Det blei debattert kring tre tema (det fjerde på programmet, lokalt næringsliv, blei det ikkje tid til).

Ordstyrar Andris Hamre tok utgangspunkt i ei undersøking gjennomført av Næringsalliansen i Hordaland i sommar. Til temaet «klima og det grøne skiftet» nemnde han desse resultata frå undersøkinga, før debatten starta:

38,8 % svarer at klima og miljø er viktig eller svært viktig. 30,5 % gir temaet terningkast 4.

MDG: Vi har ikkje tid til å venta!

Børgesen opna og brukte petroleumsnæringa som eksempel:

– Vi veit ikkje i dag kva dei nye næringane skal bli, men det visste vi ikkje då oljeeventyret var i ferd med å starta heller. Poenget er at vi må starta no!

Ap: Verda toler at vi bruker meir olje.

Rommetveit sa han var einig i det meste av det Søviknes viste til i si innleiing, verda toler at vi bruker meir olje og gass. Om Europa sitt forbruk av kol hadde blitt erstatta av norsk gass så hadde vi nådd 2-gradarsmålet allereie i dag.

Ordstyrar Hamre heldt styr på replikkar og på ønske om replikk på replikkane. Etter Ap kom MDG på banen igjen.

– Eg er skremt over nivået! Om vi held dagens tempo når vi ikkje 2-gradarsmålet før om 2500 år. Viss vi skal ha ein sjanse så må det bli slutt i å leita etter nye oljefelt no.

Sp: Vil berømma MDG.

Lekven sa at han ville berømma MDG for sitt sterke engasjement for miljøet, men sa samtidig at Børgesen minna han om første gong han høyrde Anders Lange (grunnleggar av Frp).

– Det høyrdes flott ut, men alle forsto at det ikkje var realistisk, sa Lekven, og la samtidig til kva han synest om sentraliseringa til dagens regjering.

– Tenk om dei hadde tatt sentraliseringa og politireforma i same gradvis nedtrapping som dei vil med olje og gass.

Aspenes i Frp hoppa bukk over Lekven og retta seg mot MDG.

– Eg set pris på MDG sitt ultimatum for eventuelt regjeringssamarbeid med Ap; steng kranen og inntektene. Dette bør gjera det enklare for folk å velja mellom dei borgarlege og dei raudgrøne.

– Det er lett for å peika på Frp, som om vi ikkje bryr oss om klima. Men vi har vist fleire eksempel på gode klimatiltak, bevilling til jernbane, for eksempel, som har auka etter at vi overtok i 2013.

Høyre, Ap og KrF: Skryteliste, minneord og landslag

Då Trellevik fekk ordet ramsa han opp fleire klimatiltak sitjande regjering har gjennomført, frå nullutslepp på ferjer til CO2-fond.

Rommetveit var ikkje imponert og sa at denne skrytelista var for «minneord» å rekna. Han påpeikte dessutan at det blei kjøpt inn dieselferje til Noregs mest trafikkerte samband, Horten-Moss, og lurde samtidig på kvifor så mange ferje og plattformer blei bygd i utlandet.

– Prototypen til ferjene blir gjerne bygd her, så går kontrakten til utlandet.

Trellevik var rask med replikk, minna Rommetveit på internasjonale konkurransereglar, og at Moss-Horten blei bestilt før regel om nullutslepp var innført.

Så kom fungerande fylkeordførar frå KrF på banen med ein kommentar som fekk salen til å gapskratta:

– Er du sikker på at vi ønskjer å framstå som landslaget (med referanse til det norske herrelandslaget i fotball, som nyleg blei audmjuka av Tyskland).

Dei andre emna var samferdsle (Hordfast) og formueskatt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.