Sport | 22. mai 2016

Langturen er i gang

Nærmast utan trening, med éin mann skadd, er Jon Espevik, Trygve Berentzen og Patrik Søreide no på veg frå Nordkapp til Lindesnes.

Langturen er i gang
Trygve, Jon og Patrik på Nordkapp. – Det føltes som mål, seier Trygve om startstreken for den fire månadar lange turen.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 22. mai 2016 20:03

Bildeserie:

Patrik tråkka over veka før avreise.
Patrik tråkka over veka før avreise.
Patrik, Jon og Trygve på Flesland laurdag morgon.
Patrik, Jon og Trygve på Flesland laurdag morgon.
Klokka halv ett i natt, etter éi mil med gåing, var leiren klar.
Klokka halv ett i natt, etter éi mil med gåing, var leiren klar.
I kveld har dei sett hare, som framleis har vinterpelsen på.
I kveld har dei sett hare, som framleis har vinterpelsen på.
... og kongekrabbe.
... og kongekrabbe.
1 av 5
Patrik tråkka over veka før avreise.
Patrik, Jon og Trygve på Flesland laurdag morgon.
Klokka halv ett i natt, etter éi mil med gåing, var leiren klar.
I kveld har dei sett hare, som framleis har vinterpelsen på.
... og kongekrabbe.

I mars fortalte vi om dei tre kameratane, Jon og Trygve frå Os og Patrik frå Bergen, som vil bruka dei neste fire månadane på å gå Noreg på langs, i «nedoverbakke» frå Nordkapp til Lindesnes.

I går klokka 9.15 gjekk flyturen nordover via Tromsø til Honningsvåg og vidare til Nordkapp med buss.

Laurdag kveld, etter handletur og måltid i Honningsvåg og buss til Nordkapp, blei den første mila unnagjort. I dag har dei gått to mil til. I skrivande stund, søndag klokka 21, tar dei tre kameratane pause ved inngangen til den 6,9 km lange undersjøiske Nordkapptunellen frå Magerøya til fastlandet.

Godt utstyr - lite trening

Då Midtsiden intervjua dei tre i mars hadde dei ambisjonar om mange lange treningsturar i terreng. Det blei ikkje så mange kilometer som dei hadde håpa på.

– Det har rett og slett vore travelt å førebu seg på å vera vekke i fire månadar. For min del, som leiger vekk huset mens eg er vekke, har det vore ekstra mykje å gjera, seier Trygve.

Godt utstyr og lett oppakning krev òg planlegging. Gutane er sponsa av Stadion Sport på AMFI Os og har fått både telt av høg kvalitet og låg vekt (under et kilo), dunpose og oppblåsbart liggeunderlag til turen.

På ein av treningsturane veka før avreise, på veg frå Møsnuken til Borgafjellet, klarte Patrik å trakka over.

– Det såg stygt ut, men heldigvis har dei første kilometerane gått på asfalt, på E69, så ankelen har ikkje blitt noko særleg utfordra.

– Ifølgje vêrmeldingane er det heilt i grenseland til skiføre enkelte stadar, så etter mykje diskusjon bestemte vi oss for å ta med ski, 5 kilo ekstra, så får vi heller senda dei heim frå Máze eller Kautokeino om det minkar på snøen no når varmen kjem til Nord-Noreg.

– Skia har vi fått bruk for allereie i dag, og det er fint spesielt for den skadde ankelen til Patrik.

Ryper, harar og kongekrabbe

Turen er tima inn så dei kan koma seg til Hardangervidda til reinsdyrjakta startar. Før den tid blir det fiske og andre formar for friluftsliv og observasjonar å gle seg over.

– Vi har sett nokre ryper første dag og no nettopp var det to harar i skråningen over tunellen her, seier Berentzen.

– For eit par timar sidan gjekk vi forbi ein kar som skulle laga tørrfisk og vi fekk oss kvar si halve torskeside. Den gler vi oss til å eta til kvelds.

– Han kasta òg noko fisk på sjøen. Han ville mata kongekrabben, forklarte han, og då vi såg utfor kaien så såg vi faktisk kongekrabben spasera på botnen.

Gjestmilde finnmarkingar

Reisa nordover gjekk fint og på flyplassen fekk dei tilbod om skyss til Honningsvåg, verdas nordligaste by (2500 innbyggarar). Etter handletur var turgåarane innom «Corner», som både er restaurant og diskotek.

– Der fekk vi oss eit godt måltid og ein fin prat med nokre United-supportarar som kom innom.

– Også bussjåføren vi reiste med til Nordkapp seinare på kvelden var pratsam og gjestmild, turen gjekk fort.

Sov lenge under midnattsola

Etter ei mil med gåing laurdag kveld slo gutane leir ganske nær vegen.

– Med midnattsol er det vanskeleg å forstå kor seint det er, vi var ikkje ferdige å setja opp telt før i halv eittida.

– Til gjengjeld sov vi heilt til ti i dag. Vi vakna i 4-5-tida av at sola hadde varma opp teltet litt for mykje, men vi fekk lufta litt og sovna til igjen.

– Det første av rundt 120 døgn er over, no skal vi koma oss gjennom tunellen før vi tar natt igjen.

Dei tre følgjer turløypa E1, som går frå Nordkapp til Sicilia, sør til Lindesnes. Les meir om ruta og sjå kart på DNT.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.