Lanserte Lothepils på Os
Leif Einar «Lothepus» Lothe stilte oppp for selfies og autografar på eigne ølboksar på Meny fredag ettermiddag.
Bildeserie:
I april blei det kjent at skytebas, musikar og vinnar av Kjendis-Farmen, Leif Einar «Lothepus» Lothe, ville produsera sitt eige øl ved Hansa Borg Bryggerier.
- Eg er glad i øl og har alltid vore ein Hansa-mann. Derfor tok eg kontakt med bryggeriet i Bergen for å spørja om vi kunne få til eit samarbeid, sa cowboyen frå Odda i vår.
I juni var det lansering for utelivsbransjen, no i september blir «Lothepils» lansert i daglevarebutikkane.
Hektisk visitt på Os
Fredag i 17-tida var Lothepus innom Os.
– Det blei ein lynvisitt, men han fekk gjort mykje på kort tid, fortel Meny-tilsett Marie Lyssand.
Ho og fleire av kollegaene var blant dei som fekk både selfie, autograf og ein god klem.
– Eg skal ned på Lagunen og synga, men eg vil eigentleg heller sitja her og drikka øl, for synga kan eg ikkje uansett, sa Lothepus og lo.
• Les òg: Selte båt for Lothepus
Lothe signerte både gensarar, hender og ølboksar.
– Det er ein del som har spurd etter Lothepils før det kom. Interessa er stor, både for han og ølet hans, fortel Marie.
– Eg har vore innom og handla her før. Det er ein flott butikk, de ser meg nok igjen, sa Lothepus før turen gjekk vidare til Lagunen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.