Næringsliv | 20. apr. 2017

Lanserte nettbutikk i natt

Eit halvt år etter at ho opna butikk på Os kom ny heimeside med stor nettbutikk. – Første ordre kom i natt, fortel Jeanett frå Borg Vêr.

Lanserte nettbutikk i natt
Jeanett Borgen Kallekleiv nokre timar før lanseringa av heimesida og den innhaldsrike, nye nettbutikken. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. apr. 2017 07:43

Jeanett Borgen Kallekleiv, som opna butikken Borg Vêr i Telthuskvartalet i Os sentrum oktober, lanserte ny heimeside og stor nettbutikk i natt, på dagen eit halvt år etter butikkopninga.

– Eg hadde plan om å starta nettbutikk allereie før eg opna butikken, men eg ville ha butikken i gang først. Å driva utelukkande med nettbutikk var ein tanke eg slo raskt frå meg, då det var så mange fine lokale i Os sentrum, og då eg liker å møta kundane, seier den unge gründeren.

Også før nettbutikken kom har ho selt varer til andre stadar i landet.

– Borg Vêr har nokre merke som du ikkje finn i kjedebutikkar, og nokre merke som ikkje finnest i butikkar i Bergen. Det har folk fått med seg, og eg får epost med spørsmål om eg bestemte plagg og storleikar inne. I tillegg har det vore nokre bestillingar ut frå bilde eg har delt på Borg Vêr sin Instagram-konto.

– No skal det bli godt å få sett dette i system, både med ordrar og betalingsløysing.

300 varer

Den tekniske løysinga ho har kjøpt krev ein god porsjon eigeninnsats.

– Det har vore travelt no i innspurten, ja. No har eg rett over 200 varer i nettbutikken, før lansering ved midnatt blir det mellom 250 og 300, sa Jeanett til Midtsiden onsdag ettermiddag.

Ho tok seg ikkje råd til løysinga som synkroniserer med kassaapparatet, dermed må dei to avstemmast manuelt for at nettbutikken skal vera oppdatert med kva varer som er på lager.

– Butikken er lager, men eg kjem til å ha nokre varer som berre er i nettbutikken, då med ein dag eller to lengre leveringstid.

Meir og mindre travelt enn venta

Jenatt fortel om ein betre start enn venta.

– Heile perioden frå opninga 20. oktober og ut året var veldig bra, langt over det eg hadde rekna med.

– Vi har flest kvinner som handlar her, men det går mykje til menn òg, både gåver og at dei kjem og handlar sjølv. Menn merkar du ikkje så mykje til, dei kjem inn, handlar og går igjen, enkle og effektive kundar, seier butikkeigaren og ler.

Vinteren har vore rolegare.

– Eg visste at innspurten mot jul ville bli betre enn januar og februar, men januar til påske har vore endå rolegare enn venta. Då har det vore godt å ha denne nettbutikken å jobba med.

Investeringa har allereie gjeve omsetnad, første ordre kom klokka 00.30 i natt, ein halvtime etter lansering.

– Det var veldig kjekt! No er eg spent på vidare respons, seier Kallekleiv.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.