Sport | 02. nov. 2016

Lars Bakkerud tilbake på Kuventræ

– Det blir intenst, lover Bakkerud, som no reiser landet rundt med FPN for å køyra klubb-uavhengig spesialundervising for enkeltspelarar.

Lars Bakkerud tilbake på Kuventræ
Lars Bakkerud kjem tilbake til Os, men berre for å arrangera ei intensiv treningshelg for unge spelarar frå kva som helst klubb. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. nov. 2016 10:23

Han hadde kontrakt ut 2017 då han, av familiære årsaker, på seinsommaren 2015 avslutta med Os og flytta til Austlandet.

På halvanna år lagde Bakkerud ein sportsplan og eit system som «kunne leva vidare utan han». Han var òg med på å få tilsett Hassan El Fakiri, Ørjan Håland og Endre Brenne i trenarapparatet, Brenne er seinare blitt dagleg leiar i Os Fotball.

– Eg held framleis eit auge med Os og eg snakkar ofte med Endre og andre i klubben. Eg skulle gjerne blitt verandre lengre, men det gler meg å sjå måten dei driv vidare på, seier Lars til Midtsiden.

No kjem han tilbake til Kuventræ, men berre på ein gjestevisitt, og med eit tilbod som rettar seg mot alle klubbane i og rundt Os kommune.

Rettar seg mot enkeltspelaren

Bakkerud skulle i utgangspunktet trena 2. divisjonsklubben Ørn-Horten då han flytta austover, men ei veke før sesongstart i år blei det klart at klubben hadde økonomiske problem og trenarteamet måtte finna andre ting å gjera på.

– Eg hadde høyrd om FPN (Fotballprogresjon Norge), som blei etablert for 9 år sidan, men som dei siste 3-4 åra har vakse seg ganske stort.

Bakkerud såg potensiale og tok jobben.

«Våre trenere er de beste spillerutviklerne i Norge (...) I motsetning til andre idrettsorganisasjoner er vårt eneste formål å utvikle fotballspillere» skriv Fotballprogresjon på sine heimesider.

– Mange gode tilbod har kome i ein del av dei større klubbane, med FFO og akademi, men generelt er det for dårleg tilbod for spelarar opptil 12 år.

– FPN er eit tilbod for dei som verkeleg vil noko, og som kan få optimal undervising og samtidig bli verande i sin eigen klubb med foreldretrenarar og ein meir gjennomsnitteleg fotballkvardag.

Intenst og målretta

FPN køyrer ulike skular og kurs, frå teoriundervising og helgekurs til FPN Elite, for dei frå 14 til 18 år.

– Vi har òg FPN SpeedSchool, der vi har med oss ein tysk ekspert og køyrer testar med skriftleg tilbakemelding til kvar enkelt, og som er samanliknbare med internasjonale resultat hos andre ungdomar.

Helga 19. og 20. november kjem FPN til Os, med Bakkerud som ein av instruktørane.

– Då stiller vi med FPN SuperWeekend, eit program for unge spelarar, gutar og jenter, der vi både fokuserer på teknikk og val.

– Her blir det max 12 per instruktør, 20 minutt med noko vi kallar 1000-touch, og 4 x 30 minutt med ulike tema. Etter lunsj blir det tilsvarande bolkar, men med nye øvingar.

– Det blir intenst og det blir gøy, og det er heilt klubbuavhengig, seier Bakkerud, som også seinare vil jobba med å tilby FPN sine tenester på Vestlandet

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.