
1. plass: Simen Lassen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Lassen vann vinterligaen
Tim Henrik Sperrevik starta jobben sin som A-lagstrenar for Os med å arrangera open vinterliga på Kuventræ kvar tysdag og torsdag før jul.
– I tillegg til spelarar frå eigen stall har vi hatt besøk frå klubbar som Søre Neset, Nore Neset, Søfteland, Lysekloster og Fusa, fortel Sperrevik.
70-80 kampar
Vinterligaen gjekk over 9 kveldar. Kvar kveld har det blitt spelt rundt 8 kampar på 7-arbane.
Spelarane som har vore med på eit vinnarlag får 3 poeng, vidare følgjer 1 poeng for uavgjort og 1/2 poeng per skåring.
Keeperane har ikkje fått tilleggspoeng for gode prestasjonar, men nokre av dei skårer høgt på lista under.
Sosial og sportsleg suksess
– Dette var ikkje berre for å opna for at spelarar skulle prøva seg på Os, men for det sosiale. Det er mange kameratar på tvers av klubbane og eg trur dei har syntes at det har vore kjekt å spela saman og mot kvarandre desse vekene.
– Og innsats har det ikkje mangla på, legg han til.
Sperrevik og resten av trenarteamet har hatt med seg tidlegare juniortrenar Einar Nytræ til å halda vinterligaen.
– Nytræ har vore trenar for mange av dei som var med i ligaen, og har vore god å ha til å gå rundt å gje tilbakemeldingar og jaga opp stemninga litt. Det å legga merke til spelarane er Einar ein ekspert på, seier Tim.
Lassen på topp
Kvar spelar kunne stryka dei tre dårlegaste resultata før Sperrevik og Co rekna saman poeng og fann vinnaren av årets vinterliga.
Simen Lassen hadde nærmast full pott og landa på 263 poeng.
– Det er ikkje tilfeldig at Simen har mange poeng. Simen er ein veldig dedikert spelar. Han har ein vinnarskalle og han leverer på eit stabilt, høgt nivå, seier Tim.
På dei neste plassane kjem "Engel" og "Leik", Vegard Engelsen Moberg, som i fjor kom tilbake til Os frå Søre Neset, og Vegard Leikvoll Moberg, som i fjor gjekk frå Os til Åsane. Egil Thuen
Topp 10
1. Simen Lassen
2. Vegard Engelsen Moberg
3. Vegard Leikvoll Moberg
4. Egil Thuen
5. Torkel Hjertnes
6. Preben Borgen
7. Martin Tysseland (keeeper)
8. Frode Øvredal (keeper)
9. Erik Kanestrøm
10. Håkon Kvittingen
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no
