Lokal | 03. apr. 2017

Låst i loddrett posisjon

To bilister har fått bommen i taket, no må kommunen skifta styringssystem.

Låst i loddrett posisjon
Bommane som stengjer parkeringa framfor Rådhuset står no opne inntil kommunen får bytta styringssystemet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 03. apr. 2017 12:20

I november i fjor monterte Os kommune opp bommar ved begge inn- og utkøyringane til parkeringsplassen framfor rådhuset for å rydda plass for fleire kundar i Os sentrum.

Parkeringa skal etter planen vera stengd frå midnatt til klokka ni på mogonen, slik at ikkje parkeringsplassane blir misbrukt av pendlarar eller folk som jobbar i sentrum.

Bommane ut av parkeringsplassen skulle opnast automatisk når ein bil nærma seg, men slik fungerer det ikkje for augeblikket.

– Bommane står no permanent opne i heile opningstida. Vi har hatt problem med styringssystema, mellom anna har to bilistar fått bommen i taket den siste veka, fortalde kommunalsjef for samfunnsutvikling, Aina Tjosås i plan- og bygningsutvalet førre veke.

Ho fortalde samstundes at styringssystema no skal bli bytta ut og at ein då reknar med å bli kvitt problemet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.