Lokal | 13. des. 2016

Lastebilar frå Os vil lamma trafikken til Bergen

Rundt 15 lastebilar frå Os deltar i politisk markering mot auka bompengar. – Vårt firma åleine betaler 300.000 i året frå før. Det bør vera nok, seier Geir Nybø.

Lastebilar frå Os vil lamma trafikken til Bergen
Både frå Midttun og Rådal skal det køyra lastebilar i kortesje til Bergen onsdag morgon. (Ill. foto frå Vallaheiane: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 13. des. 2016 21:55

Forslag om ei kraftig auke bompengar, og fjerning av fleire rabattordningar, fører til kraftige reaksjonar i transportnæringa.

– Før var det 25 kroner flatt, så auka det til 90 kroner. No vil dei auka det til 460 kroner, (230 per veg, ikkje éin veg som før), ta vekk timeregelen (fleire passeringar innan same time) og taket på 60 passeringar per månad og redusera rabatten, fortel Robert Kaastad, ein av deltakarane i aksjonen i morgon.

Onsdag morgon samlar NLF (Norges Lastebileier-forbund) sjåførar frå alle nabokommunar om ei politisk markering i morgonrushet inn til Bergen.

Startar klokka 6.30

– Vi er rundt 15 lastebilar frå Os som deltar, fortel Geir Nybø, ein av to eigarar i Os Maskin Transport (Os Maskin AS).

Selskapet har åtte tilsette og betaler kvart år rundt 300.000 kroner i bompengar.

– Det er ikkje berre når vi skal til Bergen sentrum at vi er innanfor bompengeringen, du kjem deg knapt frå éin kommune til ein annan utan å køyra gjennom fleire stasjonar.

Klokka 6.30 skal deltakarane frå Os møta i Rådal, for så å køyra inn i Bergen sentrum og ta nokre rundar i sentrumskjerna. Det er venta fleire lastebilar i alle innfartsårene til Bergen.

– Skal varene koma med Bybanen?

Fylkesleiar i NLF Hordaland, Torgils Rogne, seier til Midtsiden at aksjonen har brei støtte.

– Vi har vore i møte med både byrådet og politiet for å orientera om aksjonen, som vi ser på som ei politisk markering.

– Alle skal dra lasset, men om Bergen skal få til det grøne skiftet så må Staten på banen. Vi i transportbransjen kunne alltids sendt rekninga vidare, men for næringslivet som er avhengig av transport er smertegrensa nådd. Bergen sentrum vil døy om det blir gjennomslag for desse nye takstane og vilkåra, meiner Rogne.

– I tilleg til at store delar av trafikken i nabokommunane må gjennom Bergen, er det både godshamn og jernbanestasjon i sentrum. Korleis skal butikkane få varene sine utan transportnæringa? Skal mjølk, brød og klede koma med Bybanen? seier Rogne, spent før morgondagens markering.

– Til alle som kjem for seint til sine gjeremål i morgon, så beklager vi på det sterkaste. Dette gjer vi i solidaritet med store delar av næringslivet i regionen, og vi ser det dessverre som ei naudsynt markering.

Dette er noko av det NLF reagerer på:
• Auka mengde bomstasjonar
• Fjerning av månadstaket på 60 passeringar
• Fjerna timeregelen
• Auka takstar
• Auka takstar i rushtida
• Nye takstar på dagar med høg luftforureining
• Innkreving i begge retningar

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.