Lokal | 16. feb. 2017

Lastebilsjåfør meldt etter å ha mista stein

Ein mann i 20-åra blei tatt med hasj, to menn i 50-åra blei stoppa grunna usikra last.

Lastebilsjåfør meldt etter å ha mista stein
Politiet stoppa ein lastebil i Industrivegen i går. Her ved ein tidlegare kontroll. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. feb. 2017 08:55

Onsdag i 18-tida blei ein lastebil stoppa i Industrivegen. Politiet var på patrulje i området og observerte sjølv at bilen mista stein.

– Vedkomande fekk pålegg om å sikra lasta. Han blei òg meldt for å ha køyrd med usikra last, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

• Les òg: Steinen gjekk gjennom (!) bilen

Seinare møtte patruljen ein skapbil på Søfteland som såg ut til å vera tungt lasta.

– Då dei opna skapdørene viste det seg at bilen var lasta med mykje tungt, usikra gods, som batteri og bildelar. Desse var usikra, og ved eventuell samanstøyt kunne dei skapt farlege situasjonar.

Førar, også det ein mann i 50-åra, fekk pålegg om å sikra lasta før han køyrde vidare.

Fann narkotika

Grunna mistanke om narkotika oppsøkte politiet eit husvære i Os onsdag ettermiddag/kveld.

Det blei funne noko hasj og ein 20-åring er mistenkt for besittelse.

– Det blei tatt avhøyr på staden og mistenkte erkjente forholdet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.