Kultur | 29. apr. 2017

Latter og løye i ti år

Revygjengen bak Nor og Ne hentar fram dei beste sketsjane sine når dei feirar ti år med skråblikk på lokale «kjendisar» og hendingar.

Latter og løye i ti år
Nor og ne-gjengen på øving til årets revy, med to nye nummer og drøssevis med tilbakeblikk. (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 29. apr. 2017 07:16

Øvingane til årets fire framsyningar fav årets «Nor og Ne»-revy er i full gang, denne gong med kanskje eit litt lettare øvingsprogram. Mange av tekstane, songane og sketsjane er nemleg godt kjende for deltakarane frå før. I år satsar dei nemleg på «best of Nor og ne».

– Det er jo ikkje alle som har sett alt, så vi fann ut at når vi skulle feira ti år med revy, så kunne vi henta nokre av sketsjane frå dei tidlegare revyane, forklarer Thomas Helgesen.

– Det er no ikkje berre gjenbruk, vi har jo to nye nummer. Vi har jo fått ny ordførar og varaordførar, dei kan jo ikkje sleppe unna. Ellers blir det nokre nye tvistar i dei gamle sketsjane òg, supplerer Susan Askvik, som er den einaste som har vore med alle dei ti åra.

• VIDEO: Sjå 8 minutt av Nor og ne i 2015

Resten av gjengen består i år av Jan Helge Corneliussen, Thomas Helgesen, Stine Fristad, Paal Heimtoft, Robert Haugetun, Irene Ullensvang, Linda Nytræ.

Klare for ein dryg heilaftan

Revyen blir i år spelt 19., 20., 26. og 27. mai, dei to laurdagane med påfølgjande musikk og dans. Til saman 24 sketsjar står på den førebelse speleplanen.

– Det blir ein dryg heilaften på to gongar 60 minutt, men det var så mykje vi ville ha med. Vi har faktisk funne eit lite nummer frå den første revyen i 2008 som vi har fått med. Ellers så kjem Elvis om problematikken på Essoen frå 2009, Brynjaren og sjølvsagt verdsmeisteren tilbake på scenen.

– Brua er jo eit kronisk tema som er skreve både for notid og framtid, så den kjem vi sjølvsagt tilbake til.

Har utvikla seg

Éin ting er dei to revynestorane einige om; revyen og sketsjane har utvikla seg gjennom ti år.

– Det har vore artig å sjå tilbake på gamle sketsjar. Ei erfaring er at vi har blitt flinkare gjennom åra. Det blir nok litt meir tempo og snert i dei gamle nummera i år enn det kanskje var første gong, avsluttar Thomas Helgesen.

I mellomtida har Helgesen blitt lokal superkjendis. Etter to soloshow for Os Næringsråd (sjå video av debuten i 2015 og årets show) sette han opp «helaftens» show, «To meter tulling» i Oseana. Det blei raskt utseld og over halvparten av dei rundt 500 billettane til ekstranummeret i november er òg selt.

Billettsalet til Nor og ne i slutten av mai er i gang på Nore Neset grendalag si heimeside og hos Hagavik Hjemmebakeri.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.