Kultur | 29. sep. 2014

Latterleg start på seniortreffa

Video: Musikkhumoristane Polkabjørn & Kleine Heine står for underhaldninga på haustens første seniortreff i Oseana.

Andris Hamremandag 29. sep. 2014 13:46

Polkabjørn & Kleine Heine tok Oseana med storm då dei, som dei aller første artistane, før sceneteppet gjekk opp, jodla seg inn i osingane sine hjarter då kulturhuset opna i 2011.

No kjem dei to musikkhumoristane tilbake til Oseana, også denne gong på ei eksklusiv framsyning, når dei er det musikalske bidraget på sesongens første seniortreff måndag i neste veke.

– Jodle- og trekkspelduoen Polkabjørn & Kleine Heine er kanskje Noregs mest usannsynlege suksesshistorie og har jodla seg inn i mangt eit hjarte med utallege konsertar og tvframsyningar dei siste åra.

– Suksesshistoria omfattar bl.a oppvarmingsjobbar for A-HA og Mods, opptreden for Kongen og Utenriksministeren, daglege konsertar under SKI VM 2011 og ein NRK dokumentar om dei sjølv ved namn " Kunsten å jodle", fortel Astrid Heggland, sals- og marknadsansvarleg på Oseana.

Noko heilt anna

Publikum kan vente seg Jodling, trekkspel, strupesong, country, svisker og gløymde skattar frå det musikalske bygdenoreg når Polkabjørn og Kleine Heine går på scenen.

– Ein konsert med Polkabjørn & Kleine Heine byr på humor, latter, overraskingar og musikalske krumspring.

– Polkabjørn & Kleine Heine er definitivt ikkje som andre band, du trur det ikkje før du får sjå det, smilar Heggland.

Kva skjer eigentleg når folk blir sjuke?

Før dei to musikarane skal freista å forlenga livet til tilhøyrarane med latter og humor, skal professor i allmennmedisin ved Universitetet i Bergen, Eivind Schei, foredra om «Menneskets natur og medisinens magi, refleksjoner om sunnhet og sannhet».

– Schei peikar på at medisinen i si kjerne er ein etisk, ikkje ein teknisk, institusjon. Kva skjer eigentleg når folk blir sjuke, når dei er redde og fortvilte, når dei nærmar seg døden? Kva hjelp behøvast ut over biomedisinske tiltak, og kva slags kompetanse trenger legar for å fylle si rolle som profesjonelle hjelparar?

– I tillegg til å vera fastlege og professor er Schei leiar av Filosofisk poliklinikk, ein arena for debatt og refleksjon rundt medisinens verdigrunnlag og bruk, fortel Heggland.

Legar og kommunikasjon

Filosofisk poliklinikk har månadlege opne møter på Litteraturhuset i Bergen.

– I sin universitetsjobb er Schei pådrivar for ein ny studieplan for legestudentane. Omgrepet «medisinsk profesjonalitet» er på veg inn i undervisninga, det handlar om å undervise studentane i sjølve legerolla, dialogen og møtet mellom legen og det sjuke menneske, dei eksistensielle problema som følgjer sjukdom og tap.

– Han gjev i november ut ei ny bok med tittelen «Lytt. Legerolle og kommunikasjon», avsluttar Heggland.

Video (1:14): Sjå delar av framsyninga då Polkabjørn og Kleine Heine var med på å opna Oseana (foto: Andris Hamre/Midtsiden.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.